Finn informasjon

Med den nye regObs appen fra NVE i samarbeid med Statens Vegvesen, får du nå bratthetskart og mulighet til å hente både egne og andres observasjoner. Nyheten vil være til stor hjelp for turfolk i vinterkledde fjell.

Link til nedlastning av regObs:

Google Play

iTunes

regobs.no kan du sjå kva snøobservasjonar andre har lagt inn. Det kan vere nyttig og sjå om det er gjort observasjonar dei siste dagane for den staden du skal på tur. Dette kan hjelpe deg til å gjere gode lokale vurderingar av snøskredfaren.

Me arbeidar med forbetra søkefunksjonalitet i regobs.

Hugs at du også kan hjelpe andre med å legge inn dine observasjonar i regobs

Brattheitskart

Når du skal planlegge ein tur i vinterfjellet i forhold til snøskredfare er vurdering av brattheit det fyrste og det aller viktigaste du skal gjere . Viss terrenget ikkje er bratt nok til at det kan gå skred og du ikkje skal gå i nærleiken av skredterreng vil du alltid vere trygg. 

Du kan bruke eit brattheitkart for å finne informasjon om kor bratt terrenget er.

  • Velg støttekart – Bratthet

  • Velg bakgrunnskart – topografisk kart, dette finn du på knappane heilt oppe til høgre.

  • Skyv synligheits-slider heilt til venstre, denne finn du nedst på skjermbiletet. Denne tek vekk andre kartlag.

  • Zoom inn til området du er interessert i. Dette kan du gjere både med slider nedst på sida eller å halde inne shift og venstre musknapp medan du lagar ein firkant over området du vil sjå.

Hugs at det finst mange brattheng som ikkje syner på karta sidan me har 20 meter ekvidistanse på norske turkart.

Brattheitskart kan gi deg eit inntrykk av terrenget, men du lyt alltid gjere enkelthengsvurderingar når du er ute i terrenget

Bratthetskart i senorge. Kilde: senorge.no

NVE Temakart - brattheitskart med med høve til å teikne på mobil og PC

I tillegg kan du dela valt kartutsnitt og det du har teikna i kartet med andre. Ein kjapp og grei måte å senda ut info til turkompisar.

NVE Temakarta fungera òg på mobil og brett.

Snøskredvarselet –regionalt varsel

Viss du utifrå brattheitskart eller anna informasjon finn ut at turen din går i skredterreng lyt du gjere ei vurdering av skredfaren i området. Då er det lurt å byrje med snøskredvarselet for regionen du skal gå på tur i. Det regionale varselet finn du både på varsom.no og du kan også finne det på varsom sin app.

Vêrmelding

Etter du har fått god oversikt over snødekket i området du skal på tur lyt du finne ut av kva vêr som vil påvirke snøen i tida fram til du skal på tur og medan du er til fjells. Den mest brukte portalen for vêrmeldingar her i landet er yr.no. Men du bør også sjå på «Fjellvær» på snøskredvarselet. Dette er ei vêrmelding som er utarbeida med fokus på vêret i fjellet. Kor mykje snø som kjem er ein av dei viktigaste faktorane i forhold til både å finne godt skiføre, og for å vurdere snøskredfare. Sjogg.no presenterer forventa snømengde dei neste 3 døgna på ein oversiktleg måte.