Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Oppdatert Varsom app

Publisert: 28.02.2023

Har du ein gammal versjon av Varsom app? Då går du glipp av mange nye funksjonar, og det vil snart ikkje vere mogeleg å sende inn dine observasjonar lengre. Oppdater appen og få det nyaste nye.

Varsom app med kartsentruminfo, inneikna omriss av skred og enkel observasjon

Nye funksjonar og feilrettingar.

I den aller nyaste versjonen (versjon 4.7.7) er det gjort feilrettingar og forbetringar med innlogging og posisjon for observasjon. Du kan sjå fullstendig liste over  kva som er gjort i denne og tidlegare oppdateringar i Regobsnyheter.

Tidlegare i vinter har det kome nye funksjonar med mellom anna:

  • Du kan teikne omriss av snøskred i kart. (i skredhendingar)
  • Det har blitt laga nytt og utvida skjema for skredhendingar/skredulykker, der du no også kan sende inn observasjonen din anonymt
  • Vis du slår på "vis kartsenter" får du opp ein boks som mellom anna inneheld lenke til yr-værmelding for punktet midt i kartet. 
  • Du kan veksle mellom enkel og fullstendig modus. Bruk enkel modus for å sende inn det aller viktigaste du ser til snøskredvarslinga på ein rask og enkel måte.

Det er også mogeleg å teste og følgje arbeidet med neste web versjon av Regobs. Den finn du på beta.regobs.no