Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Grunnvasstatus i Noreg - 5. desember 2022

Publisert: 06.12.2022

Grunnvasstanden held seg høg til svært høg på Austlandet og i store delar av Finnmark, men ligg no lågare enn normalt langs kysten av Vestlandet, i Trøndelag og Nordland. 

Figur 1: Karta over viser berekna grunnvasstand for 5. november og 5. desember 2022. Nivåa er sett i forhold til gjennomsnittleg grunnvasstand for same dato i referanseperioden 1981-2010. Grunnvasstanden er simulert ved hjelp av ein hydrologisk modell, med temperatur og nedbør frå Metereologisk Institutt sine godkjende vêrstasjonar som inndata. Kjelde: Senorge.

Tørt novembervêr og synkande grunnvasstand i vest og nord til Lofoten.

Jamnt over har november gjeve mindre nedbør enn vanleg i fylka på Vestlandet, i Trøndelag og Nordland. Metereologisk Institutt kallar årets november "svært tørr" i nordlege deler av Sør-Norge. Dette inneber at november 2022 var like tørr eller tørrare enn dei 10% tørraste novembermånadane i referanseperioden 1991-2020. I Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland fekk enkelte stader ikkje meir enn 10-30% av normal nedbørsmengd for månaden. Tørrvêret har ført til synkande grunnvasstand gjennom perioden, og har resultert i stadvis stor skogbrannfare både i Møre og Romsdal og i Trøndelag. Ved inngangen til desember er grunnvasstanden «låg» til «svært låg» over store område langs kysten av Noreg.

Vått og vedvarande høg grunnvasstand i sør og aust

I fylgje Metereologisk Institutt sin månadsrapport, kvalifiserer november månad som "svært våt" i dei sørlege delane av Sør-Noreg. Fylka Agder og Vestfold og Telemark fekk 200% meir nedbør enn normalt somme stader. Samtidig karakteriserast den siste månaden som «varm» eller «svært varm» i heile Sør-Noreg, noko som har ført til at ein del nedbør i fjellet har falle som regn i staden for snø. Resultatet er vedvarande høg grunnvasstand jamt over på Austlandet.

Figur 2: Figuren viser det landsomfattande grunnvassnettet i Noreg, med utvikling i grunnvasstand for utvalde stasjonar det siste halve året. Svart line viser målte verdiar, medan dei grøne linene er 25- og 75-persentilane. Området mellom desse representerer normalområdet for den enkelte stasjonen.

Figur 2: Figuren viser det landsomfattande grunnvassnettet i Noreg, med utvikling i grunnvasstand for utvalde stasjonar det siste halve året. Svart line viser målte verdiar, medan dei grøne linene er 25- og 75-persentilane. Området mellom desse representerer normalområdet for den enkelte stasjonen.