Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Tidlig start gir tryggare dag

Publisert: 22.05.2020

Tidlig start gir tryggare snø og betre skiføre.

Fortsatt masse snø i nord. Foto: Turid Haugen

Fram mot denne langhelga har det meste av snødekket i Norge fått mykje varme og det har vore ein større snøskredsyklus i dei uvanleg store snømengdene vi ser i fjellet. Det har gått mykje og store skred siste dagane, og både skiløparar og bilistar har hatt nærkontakt med slike skred.

Den største toppen av skredsyklusen ser ut til å være unnagjort på Nordvestlandet, Vestlandet og Austlandet med Jotunheimen, medan Nordland og Troms og deler av Finnmark ser ut til å være på toppen av skredsyklusen no i helga.

Dersom du skal til fjells så vil vi i Snøskredvarslinga derfor gjerne minne om nattkulden no gir tryggare forhold (og betre skiføre) tidlig på dagen dei fleste stader. Sjølv om det ikkje er nattefrost vil snødekket få ein liten pause frå den største smeltinga tidlig på dagen, og skiføret og skredforholda vil være snillare. Lykke til!