Kartsiden i Regobs er lik for alle naturfarer, men dei når du velger forskjellelge naturfarar får du tilgong til forskjellege støttekart.
I app kan du velje mellom fire ulike kart.
Dei to siste er begge er globale. Norgeskartet er det kartet dei fleste likar best for bruk i Norge. Dette er også det kartet som liknar mest på norske papirkart. Viss du er på tur i grensetraktene bør du bruke kombinasjonen av norgeskart og eit globalt kart. I app har me satt som standardval at du vil bruke Norgeskart+ESRI World Topo. Viss du er i eit område som er dekka av Norgeskartet vil ikkje appen laste ned ESRI-kart slik at du unngår unødig bruk av minne og datatrafikk. Dei globale karta kan også vere ein eksra tryggleik viss det er problem med lasting av Norgeskart frå Kartverket.
Regobs web brukar kombinasjonen av Norgeskart og ESRI World Topo.
Viss du er i grenseområda vil appen laste begge dei valgte karta og legge Norgeskartet fremst slik at du får sjå Norgeskartet der det finst.
ESRI kartet har jevnt over lik detaljgrad over heile kartet og har duse fargar utan store kontrastar.
Open Topo kartet har ein sterk kontrast som kan vere vanskeleg i kombinasjon med støttekart. Det er dessutan eit resultat av frivillige bidrag. Detaljgraden kan difor variere frå stad til stad og enkelt stader kan du også oppleve «hol» i kartgrunnlaget. I bruk utan støttekart og i område der kartgrunnlaget er godt vil dette gje god lesbarheit.
Geodata Landskap er eit alternativ til Norgeskart frå Kartverket, og kan i enkelte tilfeller laste raskare ned til telefonen din. Med Geodatakartet fungerar desverre ikkje lågaste zoomnivå i appen ved bruk av høgoppløyste kart, og Svalbard er ikkje dekka.
Støttekarta (brattheitskart, kart over svekka is osv.) er kun tilgjengelege i Norge.