Snøskredvarselet - forklaring

Kva betyr all informasjonen i snøskredvarselet?

Snøskredvarslene på varsom.no gjeld for store områder, og gjev informasjon om den generelle skredfaresituasjonen i ein varslingsregion. Det vil alltid være lokale variasjonar, du må difor alltid gjere eigne vurderingar der du er.

For å få fullt utbytte bør du lese heile varselet og sette deg godt inn i skredproblema.

HOVEDBUDSKAP

Hovedbudskapet er skriven med utheva tekst fyrst i varselet. Her vert det aller viktigaste summert opp i to setningar. Over hovedbudskapet finn du varsla faregrad.

FERDSELSRÅD

Utklipp av ferdselsrådene i snøskredvarselet på Varsom.

Råda er laga utfrå kva som er dagens skredproblem, og kva faregrad som er satt. For å ferdast så trygt som mogeleg bør ein følgje dei råda som vert gitt her.

SKREDPROBLEM

Skredproblema fortel deg om kva snødekkeoppbyggingar eller snøtypar som gjer at det er mest truleg at eit skred vil løysne.

Viss du skal ferdast så trygt som råd i skredterreng må du kunne gjenkjenne skredproblem for å kunne unngå dei.  Snøskredvarselet hjelper deg til å forstå kva som er dei mest aktuelle problema i regionen.

Kvart snøskredvarsel inneheld eit eller flere skredproblem med tilleggsinformasjon. Dette er informasjon du treng viss du skal ta gode val i skredterreng.

Skredproblema er sortert slik at det viktigaste problemet står øverst. Det er som regel dette problemet som gir den faregraden som er varsla.  

Skredstørrelsen som vert varsla er den største skredstørrelsen som er forventa. Mange skred vil vere mindre enn denne. 

Mest utsatt terreng

Utklipp av med utsatt terreng i snøskredvarselet på Varsom.

I skredproblemet vert det vist kvar i terrenget det er størst sannsynligheit for å finne problemet, (over/under kva høgdenivå), og i kva sektor/himmelretning.

Raudt markerar det terrenget som er mest utsatt 

Denne informasjonen brukar du til å lage ei rute der du unngår så mykje som råd av skredterreng med skredproblem.

NB, det vil alltid vere lokale variasjonar, og dei raude områda angir mest utsatt, det vil sei at skredproblemet kan også vere tilstades i andre områder, men det er forventa at det er i mindre omfang her.

SKREDFAREVURDERING

Skredfarevurderinga er snøskredvarslaren sin oppsummering av faktorar som påverkar skredfaren og begrunnelse for valg av skredproblem. Her vil du også kunne finne meir detaljert informasjon om i kva del av regionen skredfaren er høgast, og når på døgnet den høgast.

Dette er altså eit varsel som lagast ut frå noverande tilstand på snødekket og varsla vêr. Teksten er skriven same dag som den vert publisert.

SNØDEKKEHISTORIKK

Det er viktig (og utfordrende) å ha god oversikt over eksisterende snødekke for å lage en god prognose/varsel for neste dag. Snødekkevurderingen beskriver status for snødekket på det tidspunktet snøskredvarsleren lager varselet (altså publiseringsdagen).

Her beskrives så langt det er mulig hvilke skredproblemer/svake lag som er dominerende i varslingsregionen, egenskaper ved dem og hvilken utbredelse de har i terrenget.

Snødekkevurderingen skal være så faktabasert som mulig basert på de dataene varsleren har tilgang på, først og fremst observasjoner fra observatørene våre og værdata. regObs.no og xgeo.no er snøskredvarslerens viktigste verktøy i denne jobben.

FJELLVÊRET

Dette er vêrmeldinga for aktuellt skredterreng i regionen. Fjellvêret vert laga av meterolog kvar morgon. Det er denne vêrmeldinga som dannar grunnlaget for skredvarselet. Det er difor lurt å sjekke varsla fjellvêr med vêret du faktisk opplever. Viss det er store skilnadar i varsla og reellt vêr vil det også vere skilnadar i snøskredvarsel og reell snøskredfare. Les meir om korleis du skal forstå fjellvêret her.

Sjå skredvarslarane forklare korleis varsel vert laga, og korleis du bør bruke skredvarselet.