Skredstørrelse 1 - små

Skredet på bildet under og fleire andre skred vart fjernutløyst på vedvarande svakt lag av kantkorn. Sjå heile observasjonen her.

Dette skredet kunne ikkje begravd ein skiløpar, men det ville likevel vore farleg viss ein hadde blitt ført med skredmassane ut over kanten. Sjå skredet på kartet i regObs.

Skikøyrar har løyst ut eit vått snøskred i overflata då han kom inn i henget. Slike skred er som regel lette å handtere. Det gjeld å unngå å vere i loddlinja under andre personar. Sjå observasjon i regObs her.