Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

4A Observatørkurs for eksterne

Datoar for kurs vinteren 2024 er 30. januar  - 1. februar.  Kurset vert arrangert på Filefjell (Tyinkrysset)

Her vil du lære om korleis du skal gjere gode vurderingar av snødekket og korleis du kan dele desse vurderingane med andre. Kurset høver for alle som har snø og skredvurderingar som ein del av arbeidet sitt. Dette kan til dømes vere konsulentar,  guidar, lærarar, kursinstruktørar og andre som er over gjennomsnittet interessert i snø. 

Hovudemne som vert gjennomgått er:

  • Snøprofil og stabilitetstestar
  • Systematisk snødekkeundersøking
  • Val av gode områder for snøobservasjonar
  • Snøskredvarslinga i Norge – oppbygging og arbeidsmåtar
  • Bruk av Regobs til innrapportering av observasjonar
  • Skredfareskalaen – betydning av denne
  • Vær og værkjennskap

For å vere med på kurset må du ha god og grunnleggande kjennskap til dei forskjellege omvandlingsprosessane som skjer i snødekket og kunne teikne og forstå eit snøprofilskjema. Det vil sei at du også må kunne gjenkjenne dei vanlegaste snøkrystallane og vite koreleis dei vert danna. Du må vere i normalt god form og kunne ferdast trygt på ski i terreng opp til 30 grader bratt. Kurset inneheld både teoritske og praktiske økter, men er mest praktisk retta og deltakarar må vere vant med å ferdast ute på ski i varierande vær og føre.

Dato: 30. januar - 1. februar 2024. (kurstart kl 0800 tysdag, avsluttning innan kl 1400 torsdag)

Stad: Filefjellstuene

Pris: 9500 per pers. (vinteren 2023)  Overnatting, mat og reise kjem i tillegg. Sjå kursprogram for meir info.

På grunn av begrensa overnattingskapasitet på Filefjellstuene har me reservert hytter / leiligheitar. Sei frå ved påmelding om du vil overnatte her. Overnatting og mat betalar deltakarane dirkete til Filefjellstuene. 

Kapasitet 12 deltakarar. 

Kurset er no fullt. Det er mogeleg å sette seg på venteliste. 

Påmelding / ventliste til Heidi Lee - hhpi@nve.no 

Praktiske og faglege spørsmål til Jostein Aasen - jaas@nve.no