Raske og enkle observasjonar med app
Med regObs app kan du ta bilete og legge inn observasjonar med mobiltelefonen din medan du er på tur.
Det aller viktigaste feltet når ein skal legge inn raske observasjonar er fareteikn
Det aller viktigaste feltet når ein skal legge inn raske observasjonar er fareteikn. Fareteikn er ferskvare og det er kjempeflott om du sender inn dette med ei gong du legg merke til dei. Hugs å legg ved bilete av det du ser. Det å vere bevisst på å observere fareteikn under vegs kan også hjelpe deg til å gjere gode vurderingar på turen din. Har du gått ein tur og ikkje sett noko spesiellt så kan du trykke på "ingen faretegn observert"
Fareteikna du har å velge i er:
Ferske skred - skred som går medan du er på tur, eller som har gått siste 24 timar vert rekna som ferske. Klarare teikn på skredfare enn dette kan ein ikkje få.
Drønn i snøen - drønn i snøen er eit teikn på at det er svake lag som kollapsar i snødekket.
Ferske sprekkar - når snøen sprekker opp rundt deg er det eit teikn på flakdanning i overflata med svakt lag som kan påverkast under.
Stort snøfall - over 30 cm i døgnet vert rekna som stort snøfall.
Rimkrystallar i overflata - er ikkje noko farleg når dei ligg i overflata, men kan bli eit problem på sikt viss dei får snø ned.
Rask temperaturstigning - Meir enn 5 gr C på 3 timar
Mykje vatn i snøen - regn vil både auke vekta på snødekket og svekke bindingar i snødekket. Det kan hope seg opp svakt lag av vatn over skare i snøekket.
Fersk vindtransportert snø - Finst det områder der vinden nettopp har lagt igjen snø? Denne treng tid til å stabilisere seg.
Viss du har noko formeinig om det kan du også legge inn informasjon om ca kva område observasjonen gjeld for. (td: over en viss høgde eller i ein spesiell himmelretning osv.)
Du kan lese meir om fareteikna her
Snødekket - fortell oss gjerne om kor mykje laussnø som finst.
Kor mykje laussnø som er på snøoverflata og om det er pågåande snøfokk er også viktig informasjon for varslinga. Info om dette kan du legge inn under feltet "snødekke". Bruk felta:
Hugs alltid å ta eit beskrivande bilete av det du ser og legg ved.
Eit fareteikn, eller ingen fareteikn, eit bilete eller to og litt om korleis snøoverflata ser ut. Det går fort å registrere og det er alt som skal til for at kvaliteten på varselet aukar. Gjer det til ein god vane å vere merksam på fareteikn når du går på tur, og send dei inn så fort du ser noko.
Ikkje ver redd for at dei fleste felt står tomme når du sender inn. Det viktigaste er at du formidlar det du meiner kan vere viktig for snøskredvarsliga å vite.
Takk.
Ved å trykke på "hjelp" i app eller på ? i regobs web får du fram korte hjelpetekstar som kan vere til nytte når du skal registrere observasjonar.
Viss du har spørsmål om korleis du skal bruke regobs eller korleis du skal tolke det det ser i snøen kan du spørje på Facebook: RegObs faggruppe