Skredfarevurderinga er ei oppsummering av alle faktorar som påverkar skredfaren. Dette er konklusjonen utfrå alle observasjonane du har gjort.
Innhaldet i dei forskjellege felta er:
Vurdering av skredfaren - her skriv du eit samandrag av dei viktigaste faktorane som påverkar skredfaren. Vurderinga bør vere begrunna ut frå observasjonar du har gjort, og som du også har lagt inn i regObs
Utvikling - Prøv å beskriv korleis snødekket vil reagere på forventa vêr. Du skal ikkje finlese vêrmeldingar og lage varsel. Men heller skrive noko slikt som td. : "Snødekket er stabilt og vil tåle store nedbørsmengder før skredfaren aukar"
Faregrad - Velg faregrad. Faregraden bør ha samanheng med skredproblema du har valgt. Me brukar ADAM-matrise for å få samsvar mellom skredproblem og faregrad.
Vurdering av varsla faregrad - Her kan du kome med tilbakemelding på om snøskredvarselet stemte for det området du har vore i.
Kommentar - her kan du skrive om dine lokale vurderingar opp mot det du meinar er generell skredfare i regionen. Evt. om kva del / kor stor område av regionen dine vurderingar er gjeldande for.
Det aller viktigaste i ein fullstendig observasjon er å velge og begrunne skredproblema. Det er skredproblema som bestemmer korleis eller om brukarar kan handtere skredfaren.