Når du grev snøprofil må du prøve å finne eit område som er representativt for det du vil undersøke. Tenk på terrengform, høgd over havet, og himmelretning. Pass på at snødekket ikkje er alt for tjukt. Profilen bør ikkje bli utsatt for direkte solinnstråling sidan dette fort vil omdanne snøkorna. Passa også på at du arbeidar på ein trygg stad. På regObs, både på web og i app kan du lage snøprofil.
For å registrere lag må du fyrst velge snøprofil og "legg til lagdeling"
Deretter byrjar du å legge inn info om laget.
Viss du trykker "vis flere valg på dette laget" vil du få fleire alternativ i menyane. Du vil også få mogelegheit til å legge til:
Deretter legg du til eit nytt lag over eller under det du jobba med og gjentar prosessen. Viss du har gløymt eit lag kan du legge det til øverst eller nederst og deretter dra det til rett stad.
Har du gravd til bakken?
Hugs å merke av for gravd til bakken: ja / nei etter du har lagra profilet. Då kan dei som les snøprofilet sjå om du kun har vurdert det øverste snødekket eller alt.
Temperaturprofil legg du til under "legg til temperatur". 0 cm er i snøoverflata. Deretter legg du til målepunkta dine nedover. I feltet "dybde" legg du til avstand frå overflata.
Dess breiare rektangelet som illustrerar laget er dess hardare er laget. Kva korn som er i laget vert forklart enten ved fargar eller bruk av symbol for snøkorn. Sjå tabell over for forklaring. Liste over alle symbol for korntypar finn du i felthandboka. Dess høgare rektanglet er, dess tjukkare er laget. I den fullstendige profilen vert det også markert ugunstige eigenskapar på laga med punkt.
Tolking av resultat (antal punkt i svakt lag / overgang mellom lag.)
Utstyr du treng for å grave snøprofil:
Viss du ser forskjell på om snøen er kvit eller blank, og om du kjenner om den er laus eller fast har du eit godt utgangspunkt for å bestemme kva kornform du har. Sjå større tabell her.
Viss du gjer stabilitetstestar og vil at desse skal vise i snøprofil kan du huke av for det i stabilitetstesten. Pass på at djubden du angjev i testen er lik plasseringa til laget som gjekk til brot i snøprofil.
Viser stabilitetstesten på feil stad i profilet?
Då må du gå tilbake til stabilitetstestskjema og justere kvar du fekk brot. Deretter må du inn på snøprofil, trykke "endre lagdeling" og lagre profilet på nytt. Dette gjer at det vert generert eit nytt plot.