Skredstørrelse 1 - små

Flakskred av str 1 - små. Foto: regObs / Sander Buene

Dette og fleire andre skred vart fjernutløyst på vedvarande svakt lag av kantkorn. Sjå heile observasjonen her.

Skred av str 1- små i kombinasjon med terrengfelle. Foto: regObs / Torgeir Kjus

Dette skredet kunne ikkje begravd ein skiløpar, men det ville likevel vore farleg viss ein hadde blitt ført med skredmassane ut over kanten. Sjå skredet på kartet i regObs

Vått skred av str 1 - små. Skiløperutløyst. Foto: regObs / Walter

Skikøyrar har løyst ut eit vått snøskred i overflata då han kom inn i henget. Slike skred er som regel lette å handtere. Det gjeld å unngå å vere i loddlinja under andre personar. Sjå observasjon i regObs her.

Flakskred av str 1 - små. Foto Ragnar Ekker
Tynt Flakskred av str 1. Vil ikkje kunne begrave ein skiløpar. Foto: Jostein Aasen