Skredstørrelse 5 - ekstremt store

Skred av str. 5 i Smørbotn i Romsdalen. Foto. Halvor Hagen

For at eit skred skal vere av str 5 - ekstremt stort må det ha eit volum på over 100 000 kubikkmeter. Dette skredet haddet ein løysnekant på omlag 1,5m. Då må arealet av skredet vere på omlag 250m x 300m for at det skal bli så stort. Dette skredet er nesten 700 m breitt og går over eit område på over 400 høgdemeter. Skredet gjorde ganske stor skade på terrenget ved at det tok med seg mykje stein og vegetasjon. Det vart fjernutløyst av folk på toppen. Legg merke til at skredtunga går langt utover i flatt terreng.

Skred med utløpslengde som tilsvarar str. 5. Men volumet er mindre. Foto Svein Helge Frækaland / SVV

Dette skredet gjekk over veg og inn i hyttefeltet. Utløpslengda var vesentleg lengre enn det ein skal forvente med ei konservativ 1:3 vurdering (at skredet går 3 ganger så langt som høgda på fjellsida). Utløpslengda tilsvarar str. 5, men volumet av skredmassane er ikkje så store. Biletet er teke ved Tyin i Jotunheimen. 

Skred av str. 5 - ekstremt store har stort potensial for skade. Foto: LWD Tirol