Vinteren 2022 arrangerar NVE Observatørkurs 4a i Tromsø for eksterne deltakarar.

Graving av snøprofil og undersøking av denne er ein viktig del av kurset.

Her vil du lære om korleis du skal gjere gode vurderingar av snødekket og korleis du kan dele desse vurderingane med andre. Kurset høver for alle guidar, lærarar, kursinstruktørar og andre som er over gjennomsnittet interessert i snø.


Hovudemne som vert gjennomgått er:


• Snøprofil og stabilitetstestar
• Systematisk snødekkeundersøking
• Val av gode områder for snøobservasjonar
• Snøskredvarslinga i Norge – oppbygging og arbeidsmåtar
• Bruk av regobs til innarapportering av observasjoanr
• Skredfareskalaen – betydning av denne
• Vær og værkjennskap


For å vere med på kurset må du ha grunnleggande kjennskap til dei forskjellege omvandlingsprosessane som skjer i snødekket og kunne teikne og forstå eit snøprofilskjema. Det vil sei at du også må kunne gjenkjenne dei vanlegaste snøkrystallane og vite koreleis dei vert danna.  Du må vere i normalt god form og kunne ferdast trygt på ski i terreng opp til 30 grader bratt. Kurset inneheld både teoritske og praktiske økter, men er mest praktisk retta og deltakarar må vere vant med å ferdast ute på ski i varierande vær og føre. 

 

Dato: 1. - 3. mars 2022

Stad: Kvaløya, Tromsø

Pris: 9500 per pers. Overnatting, mat og reise kjem i tillegg Sjå kursprogram for meir info.


Påmelding til Heidi Lee - hhpi@nve.no

Praktiske og faglege spørsmål til Jostein Aasen - jaas@nve.no