Ved kapasitet og behov arrangerar NVE 4a observatørkurs for eksterne deltakarar. Det er ikkje planlagt slikt kurs vinteren 2020

Graving av snøprofil og undersøking av denne er ein viktig del av kurset.

Her vil du lære om korleis du skal gjere gode vurderingar av snødekket og korleis du kan dele desse vurderingane med andre. Kurset høver for alle guidar, lærarar, kursinstruktørar og andre som er over gjennomsnittet interessert i snø.


Hovudemne som vert gjennomgått er:


• Snøprofil og stabilitetstestar
• Systematisk snødekkeundersøking
• Val av gode områder for snøobservasjonar
• Snøskredvarslinga i Norge – oppbygging og arbeidsmåtar
• Bruk av regobs til innarapportering av observasjoanr
• Skredfareskalaen – betydning av denne
• Vær og værkjennskap


Den einaste endringa me gjer i forhold til NVE sitt interne kurs er at me kuttar ut forelesning om interne rutinar og erstattar denne med ei økt om KAST.


For å vere med på kurset må du ha grunnleggande kjennskap til dei forskjellege omvandlingsprosessane som skjer i snødekket og kunne teikne og forstå eit snøprofilskjema. Det vil sei at du også må kunne gjenkjenne dei vanlegaste snøkrystallane og vite koreleis dei vert danna.  Du må vere i normalt god form og kunne ferdast trygt på ski i terreng opp til 30 grader bratt.

 

Dato: dato for neste kurs er ikkje bestemt

Stad: 

Pris: 9500 per pers. Overnatting, mat og reise kjem i tillegg Sjå kursprogram for meir info.


Kontakt: snoskredvarslingen@nve.no