Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: I denne fjellsida. Skildring: Det er våt snø, så kunne mogleg ha huka av "Mykje vatn i snøen", men det har vore status ei stund uten den heilt store aktiviteten.
Skredaktivitet
• 22. mai. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Relativt tidleg på dag, ca kl. 11. Mogleg tiltakande aktivitet utover dagen, men ser ikkje for meg noko anna enn str 1 skred. Om det kjem nedbør i form av regn så kan det potensielt gå nokre større skred i høgda mot nord.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 1000 moh. Grense for lagdelt snø er på 1100 moh • Annet • Våt • Enkelte plasser er det snøfritt heilt til topps - opp mot 1300-1400 moh. I sørvendte- og tilgrensande sider, der det ligg snø, er det stort sett smelteomvandla snø som ligg att - like til topps. Mot nord og tilgrensande sider bere snødekket preg av smelteformer ispedd islag, men ein må over ca 1100 moh for å finne dette. Mildvêr døgnet rundt så det smeltar gradvis og stillferdig ned slik status er i dag.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, V, NV over 1000 moh
• Våte flakskred • Opphopning av vann i/over lag i snødekket • Innen en meter • Naturlig utløst • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, NV over 1100 moh • Ikkje høgt nok til å finne dette i dag, men legg det inn som ein betraktning. Det er nok ikkje like aktuelt over heile regionen. Ein må høgt til fjells og vil anta at det framleis er mest aktuelt mot nord, og del tilgrensende sektor. Ville latt det stå i tekstvarselet med tilleggsinformasjon om å vere ekstra obs om det auka på med nedbør. Utan nedbør av betydning så vil eg tru at det smeltar fint ned.
Skredfarevurdering
• Stabile forhold. Det byrjar å verte lite snø att i fjellet, men ver obs på våte laussnøskred der det framleis er skiføre. Faren er størst utover dagen, og spesielt om sola kjem fram. Mot nord og tilgrensande sektorar, over ca 1100 moh, kan det vere ein del vatn i/over lag i snødekket, og ved ekstra gjennomfukting i form av regn eller kraftig solinnstråling så kan dette gi naturlig utløyste våte flakskred av str. 2-3. • Litt avhengig av om det kjem nedbør av betydning, men det ser tilsynelatande ut som om at snødekket smeltar fint og roleg ned. • 1 Liten • Tenker at faregraden ligg på 1 slik det er no, og om det ikkje kjem nedbør i form av regn av ein viss mengde, så ser eg for meg at det smeltar sakte og sikkert ned - FG 1. Mogleg at det for regionen sett under eitt kan vere fornuftig å holde på FG 2 pga skredproblemet "Mykje vatn i/over lag" - uansett er det viktigaste å nemne det i teksten at det kan vere eit skredproblem mot nord og tilgrensande sektorar over ca 1100 moh. Kanskje FG 1 og nemnte tekst i tekstvarselet kan vere nok for å dekke det...
Notater
• Pga kranglete kne rakk eg ikkje så høgt opp. Redigere obs seinare, men status er relativt lik som den har vore.