Bilde 1 av 6 Av:  Faretegn Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Snøfokk frå fjelltoppane
Bilde 2 av 6 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Har dessverre for dårleg kamera til å fange det, men var veldig tydeleg ute.
Bilde 3 av 6 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Har dessverre for dårleg kamera til å fange det, men var veldig tydeleg ute.
Bilde 4 av 6 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Bygevær
Bilde 5 av 6 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Lange perioder med sol.
Bilde 6 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Markør viser kantkorn under skare. Skara er danna på overgangen mellom smelteomdanna snø frå førre helg og nysnøen frå denne veka. Her var det på ca. 60 cm dybde.
Faretegn
• Ferske skred • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Sjå skredaktivitet.
• Fersk vindtransportert snø • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Det er snøfokk frå mange toppar. Vinden er frå NV, og det er mykje snø tilgjengeleg for vindtransport (i underkant av ein meter laussnø i skogen). Vinden kom i kast her.
Skredaktivitet
• 7. mar. I løpet av dagen (+01:00) • Tørre flakskred • Flere (6-10). 3 - Store. Naturlig utløst • Mange bratte heng. S. Over 500 moh • Det har gått fleire tørre flakskred i området, hovedsakeleg på Ramfjordsida av Tromsdalstind. Såg iallefall 9 stykk, fordelt i alle høgdeintervall frå toppen og ned til skoggrensa. Størrelsen var middels store til store. Såg også nokre andre skred, men sida på tromsdalstinden skilde seg ut (var også nesten den einaste fjellsida som vender mot sør og har skredterreng av dei eg såg). Rekner med dei har gått på kantkorn (ut i frå snødekke på anna fjell i område). Ekstra last av nysnø pg vindtransportert snø, samt sol kan ha bidratt til at dei har gått naturleg.
Vær
• Snø • -5 °C • fra NV ↘ • 40% skyer • Sidan mildværet førre helg, har heile denne veka vore prega av bygevær frå nv. Dette gjaldt også i dag, men det har vore lange perioder med sol. Der var ein del vind som førte til snøtransport i høgda.
Snødekke
• Moderat snøfokk • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Den siste veka har det kome om lag 90 cm snø. I skogen er denne snøen ubunden, over tregrensa er den vindpåverka i varierande grad. På dagens tur var snøen berre lett vindpåverka og det ga fint skiføre.
Snøen frå denne veka har lagt seg over snøen som var påverka av mildvær, nedbør og vind førre helg.
Rundt tregrensa, som var einaste staden eg grov, er den eldre snøen grovkorna og framleis fuktig mot botnen av snødekket. Store begerkrystallar er lett å identifisere nederst i snødekket, men også desse er fuktige.
I overgangen mellom den "gamle" smelteomdanna snøen og snøen frå denne veka har det danna seg eit skarelag. Under dette skarelaget har det danna seg kantkorn (2-3 cm tjukt lag). Krystallane er ikkje veldig godt utvikla her, men identifiserbare. Utviklinga kan nok fortsette sidan det er mykje fuktighet i snødekke og meldt kaldare temperaturar og klarere vær.
(I høgda er truleg dei gamle vedvarande svara laga fortsatt inntakte, men undersøkte det ikkje).
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en meter • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng Ø, SØ, S over 500 moh • Fokksnøflak var ikkje eit skredproblem på min tur i dag, men er det sannsynlegvis andre stadar. Der har vore relativt mildt, så dette skredproblemet er nok forbigåande.
• Tørre flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Innen en meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. • Vanskelig å løse ut • 3 - Store • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 500 moh • Kantkornlaget eg observerte, i overgangen mellom smelteomdanna snø og snøen frå denne veka, var ikkje veldig godt utvikla, men dette varierer nok. Utviklinga held sannsynlegvis også fram. I tillegg vil dei eldre vedvarande svake laga framleis vere tilstade i høgda (sjølv om eg ikkje har sett etter det i dag).