Bilde 1 av 12 Av:  Faretegn Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Det rasar i den vassmetta snøen i bratte heng når ein renn. Her frå skispor.
Bilde 2 av 12 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Vær
Bilde 3 av 12 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Vær
Bilde 4 av 12 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Vær
Bilde 5 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Pittelitt snøfokk. Vil ikkje gi skredproblem her.
Bilde 6 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Snøsmelting gjer at ryggar og andre utstikkande teerrenformasjonar er bare. Her i nordvendt side.
Bilde 7 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Snøgrensa og smeltinga har vore større i sørvendte sider. Her mot hatten.
Bilde 8 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Vår snø, innsynking ski på flata er 5 cm.
Bilde 9 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Skare med pittelitt nysnø.
Bilde 10 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Begerkrystallar som har blitt avrunda. Ikkje då lett å sjå på bilete. Dei var lause.
Bilde 11 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Is/skare
Bilde 12 av 12 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Snøgrop på ca. 650 moh. Våt, grovkorna snø nederst. To skarelag. Fuktig grovkorna snø over, før fastare skare dei øvste 3-4 cmane.
Faretegn
• Mye vann i snøen • Område: Generelt på fjellet. Beskrivelse: Under ca. 400-450 moh er det mykje vatn i snøen, særleg dei 10-15 øvste cm. Når en renn i bratte heng sett ein snøen i bevegelse.
Skredaktivitet
• 28. mai. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Kan ikkje sjå ferske skred, berre mange gamle. Det er varierande sikt.
Vær
• 4,5 °C • 8 m/s fra NV ↘ • 80% skyer • Det er bygevær. Det kjem ei og anna byge, som kjem som snø over ca. 300 moh og regn under, men nedbørsmengdene er små. Periodevis er det sol. På toppane bles det.
Snødekke
• Lett snøfokk • Snøgrensa i regionen varierar, og er ca. 50 moh i nordvendte fjellsider som har hatt mykje snø i vinter. I sørvendte bratte fjellsider er den høgare, særleg lengst ut på kysten, men generelt ca. 300 moh (ish). Ryggar og oppstikkande terrengformasjonar er bare her og der.
Også mot høgda varierer snøen. Opptil ca. 400 moh er dei øvste 10-15cmane av snøen svært våt, og det er ein del snøsmelting (sugeføre). Frå ca. 400 moh har det lagt seg pittelitt nysnø flekkvis (nokre få mm maks). Difor blir snøen også fastare sjølv om den er våt under. Frå ca. 600 moh er det ruglete skare og is. Det startar noko høgare i sørvendte sider sidan sola har tatt litt. I høgda er det pittelitt snøfokk av den lille nysnøen som har komt, men eg finn maks 1cm akkumulert når eg leiter godt.
Nær toppen på tynt snødekke finn eg restar av gamle kantkorn. Desse har starta å bli avrunda, er så vidt fuktige, men bind seg ikkje til kvarandre. Lenger ned fann eg ikkje det same, men fann våte lause lag og eit par skarelag der eg grov.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 400 moh • Under ca. 400-500 moh er det sannsynleg at skikøyrarar løyser ut skred i bratte heng. Storleiken på skred er avhengig av brattheit og terrengformasjon, men flest stadar blir dei sikkert små.
Skredfarevurdering
• Under ca. 400-500 moh er det sannsynleg at skikøyrarar løyser ut små skred i bratte heng. Over dette blir snøen gradvis fastare og det er lite sannsynleg med skred av alle typar. Det kan finnast restar av kantkorn i høgda, men sidan det er skare vil det nok ikke gå skred på desse. Det har komt så lite nysnø at dette vil ikkje gi noko skredproblem. • Med tilsvarande vær vil skredfara vere uendra. • 1 Liten • Varslet faregrad er riktig • Fint varsel.