Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: I dalen/fjorden. Skildring: Vindtransport av snø over lag av overflaterim og nysnø.
Avalanche Activity
• 2. Apr. During the day • No avalanche activity
Weather
• Snow • from NW ↘ • Pene, små stjerneforma snøkrystallar (PPsd). Små mengder. Særs frisk bris i høgda.
Snow Cover
• Some snow drift • Surface hoar on a hard surface • Rimkrystallar, med aukande mengde nyleg nedfallen snø. I høgda og utover dagen vindtransport og pålagring.
Snow Profile
• E • 1 test connected to snow profile • Kvasi-profil. Ikkje nøyaktig. Skredproblemet er kun å finne i den øvste delen. Kantkorn i nedre del ikkje mogleg å påverke under hard, stabil snø med lag av is og skare. • Persistent weak layer: thin layer, below slab, near surface
Avalanche Danger Assessment
• Dagens snødekke var særs stabilt. I leheng høgare i fjellsida var det pålagring av fokksnøflak over det svake laget av overflaterim. Dette laget var mogleg å isolere som små flak når kringliggande snø vart fjerna, men vart ikkje anteken å vere eit stort problem i dag. • Laget av overflaterim med nysnø vil nok bli nedsnødd og overføyka med vind og snø som er meldt. Dette kan gjere laget til eit skredproblem. At det lågare i terrenget allereie er falt nysnø på laget utan vind kan vere forverrande. I leheng, der vinden ikkje øydelegg overflaterimet og der pålagringa er størst, vil ein moglegvis kunne utløyse størrelse 2-skred (kanskje str.3) i nokre heng med lettheit. Faregraden burde derfor auke til 2 eller 3. • 1 Low • Forecast too low • Dagens varsla faregrad er korrekt, men morgondagens faregrad vil eg sette til meir enn 1 (som er varsla). Sjå grunngjeving over.
Notes
• Eg skal ut på ny tur i same område i morgon. Vil sjå og rapportere korleis snødekket utvikler seg.