Image 1 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Varierande snødekke. Det har samla seg ein del snø i leformasjoner medan det er meir isete og vindpakka, hard snø på ryggane.
Image 2 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Det sprekker opp rundt skia, men det er varierande kor hardt snøoverflata er. Enkelte lommer med ubunden snø fører til at eg synker lett nedi 10 cm med skia, medan andre plasser er det meir vindpakka hard/mjuk snø der det sprekker opp rundt skia.
Image 3 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Mot toppen på Ingahogg.
Image 4 of 5 Of:  Snow Profile Copyright:  Cato Leganger
Image 5 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Vinden har herja godt med snødekket. Det er varierande hardhet - frå mjuk til hard vindpakka, men også med innslag av at det avblåst like nedpå smelt/frysskaren frå tidlegare.
Danger Sign
• No signs observed • Det er ingen fareteikn observert på dagens tur. Det er vind som tilsvarer lett til moderat snøfokk om det er snø tilgjengeleg, men det var det ikkje i det området eg var. Snøen her er alt så påvirka av siste dagers vind at den ikkje flytter seg igjen før vindretning endrar seg eller det kjem betraktelig sterkare vind.
Avalanche Activity
• 23. Jan. During the day (+01:00) • No avalanche activity
Weather
• Snow • -1 °C • 5 m/s from SE ↖ • 100% clouds • Lett snøvêr. Ingen nysnø av betydning. Omlag 5 m/s på toppane, men ingen snø tilgjengeleg for vindtransport då siste døgn med kraftig vind (frå same retning) har gjort snøoverflata vindpakka og avblåst (isete).
Snow Cover
• 80 cm • No snowdrift • 3 cm • Wind slab (hard slab) • Dry • Det var nok vind til å generere lett snøfokk, men det er lite til ingen ubunden snø att for vindtransport med den retningen dagens vind kom frå. Då må det evt. sterkare vind til eller endring i vindretning. Det ligg ein del vindtransportert snø i leformasjonar mot nord/nordvest. Denne er stadvis laus og tilgjengeleg for transport om vindretninga skulle dreie. Snødjupna variere. Enkelte stader er det 120+ cm medan det andre er 20-40. Anslagsvis omlag 80 cm i snitt for terrenget generelt.
Tests
• CTE4@10cm(Q2) • Poor • Det glir relativt lett ut i overgangen mellom fokksnø og eldre nysnø.
• CTM13@50cm(Q2) • Medium
Snow Profile
• Det mest kritiske laget per no er overgangen mellom fokksnø og nysnø. Eg ser tendensar til at det bryt opp fleire plassar i terrenget når eg går, men eg får det ikkje til å skli ut i større flak. Eg testa enkelte mindre heng i nordvendte sider, men eg klarte ikkje å få det til å bryte i større flak. • 6 Stratigraphy layers • 10 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). • Easy to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes N, W, NW above 600 masl • Det er eit relativt tjukt lag med nysnø som er nedføyka. Det er også varierande kor hardt det overliggende laget er. Enkelte plassar er det mjukare medan andre er det hardt og bryter i eit tydeleg flak på omlag 10 cm tjukkelse.
Avalanche Danger Assessment
• Generelt stabilt snødekke i det området eg var i i dag. Det er eit 10 cm tjukt fokksnølag som kviler på eit nedføyka nysnølag. Fokksnøflaket kan vere tjukkare andre plasser då det er ein del lokale variasjoner pga vind.
Trass i at eg får utslag på CT så virker det å ha begrensa potensiale for å skli i større flak pga det mjuke, tjukke underliggende laget av nysnø. • Bindingene mellom fokksnø og nysnø vil stabilisere seg dei neste dagane, men det er meldt snø i kombinasjon med vind frå same retning som i går til helga. Dette vil føre til tilsvarande problem som vi har i dag. • 2 Moderate • Forecast correct • I den delen av regionen eg var i i dag, så stemmer varselet godt.
Notes
• Eg kikka også etter kantkorn ved bakken og over skarelag, men det var ingen teikn til det der eg var i i dag.
Eg fekk ikkje starte/avslutte tur i dag pga problem med nettverk.