Danger Sign
• Recent snowdrift • Observerte lett snøfokk.
Avalanche Activity
• 7. Feb. During the day (+01:00) • No avalanche activity • På grunn av dårleg sikt, så hadde eg ikkje spesielt god utsikt til tilgrensande og/eller høgareliggande skredterreng, men i dei små augeblikka kor sikten var delvis god, så kunne eg ikkje sjå noko teikn til skredaktivitet.
Weather
• Snow • -1 °C • 4 m/s from SE ↖ • 100% clouds • Varierande vindhastighet; 4-7 m/s.
Snow Cover
• 50 cm • Some snow drift • 15 cm • Elevation of new snow 600 masl. Snow line at 600 masl • Much loose snow (10-30cm) • Dry • Varierande snødjupne. Eg grov profil i vestvendt side kor det har blese inn ein del snø tidlegare. Der var det om lag 80 cm, men i terrenget generelt er det moglegvis i snitt 50 cm, aukande jo høgare opp ein kjem. Snødekket tendenserte til tørt/fuktig.
Tests
• CTM11@15cm(Q3) • Medium • Bruddet gjekk i overgangen mellom nysnø og eit tynt skarelag (mildvêrsskare). Ruglete brudd. Under skarelaget er det delvis nedbrutt nysnø med overgang til avrunda og godt sintra korn.
• CTM15@80cm(Q3) • Good • Søyla gjekk i brudd i overgang mellom smelteomvandla snø og bakken. Eg merka meg at det smelteomvandla laget nedst mot bakken var noko mindre knivhardt (meir mot penn) enn for ei veke sidan.
Snow Profile
• 2 tests connected to snow profile • 5 Stratigraphy layers • 8 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Poor bonding between crust and overlying snow • Within half a meter • The overlying slab is soft. • Easy to trigger • 1 - Small • Some steep slopes W, NW above 700 masl • Eg ser ikkje på dette som eit stort skredproblem, men det var det eg fekk brudd i under stab.test i dag. Det er rimeleg å anta at nedføyka nysnø vil vere skredproblem dei neste dagane mtp den ubunde snøen som ligg tilgjengeleg for transport. Eg rapportere kun frå den himmelretninga eg var i i dag, men mtp at eg observerte tendensar til lett snøfokk (altså begrensa vindtransport i ettermiddag) vil eg anta at nysnøen har lagt seg over smelte-frys-skaren i alle eksposisjonar. Som sagt vil nok denne snøen byrje å flytte på seg dei neste dagane.
Avalanche Danger Assessment
• Eg var i nordvestvendt side i dag og det var ikkje nevneverdig stor fokksnøproblematikk der, men det er mogleg vinden har teke hardare høgare oppe og i meir nordleg eksposisjon. Det ligg ein del laussnø tilgjengeleg for transport. Under 600 moh er denne relativt fuktig. Eg får brudd i overgang mellom nysnø og smelte-frys-skare, men eg vurdere dette til å ha avgrensa potensiale der eg var i dag. • Det er meldt sterkare vind i høgda og i kombinasjon med nysnøen som har falle vil ein, basert på vêrmeldinga, få nye lag av fokksnø i vest til nordaustleg eksposisjon. Dette vil då legge seg oppå nysnøen som har falle i går og i dag. Vindretninga som er meldt er den same som har herska den seinaste tida. Det er verdt å merke seg mtp utviklinga av kantkorn nede i snødekket; auka pålagring og vekt. Ver obs der snødekket er tynnare! I helga som var observerte eg byrjande kantkorn under eit tjukt lag av fokksnø. Om det har byrja å danne seg der, er det rimeleg å anta at det har kome lenger i utviklinga der snødekket er tynnare, samt at det truleg også har kome lenger i utviklinga i indre del av regionen kor det har vore stabilt kaldere vêr og då følgjeleg gunstig temp.gradient i snødekket for utvikling av kantkorn. • 2 Moderate • Forecast correct • Regionen er stor, så det er litt vanskeleg å gi ei generell vurdering for heile området, men basert på nysnøen som har falle i går og i dag, samt vinden som tilsynelatande er sterkare i høgda, så er det rimeleg å lande på ein FG2. Om vêrmeldinga for dei neste dagane treff vil det verte aukande vind i høgda og mtp snøen som ligg tilgjengeleg for transport er det då rimeleg å auke til FG3 for ein periode. Eg skal opp i høgda i helga, og eg vil då kunne sei meir om situasjonen.
Notes
• Eg har ikkje lagt inn "kantkorn over skare" som skredproblem på dagens tur då eg ikkje observerte det i dag. Det var heller ikkje forventa å finne der eg var i dag, men det er viktig at vi beholder dette som skredproblem. Eg skal opp i høgare terreng til helga for å sjå nærare på utviklinga av dette laget. Sjå elles under skredfarevurdering for betraktninger om dette laget.