Hardanger / Kvinnherad
CatoLeganger@obskorps (***)
Image 1 of 9 Of:  Tests Copyright:  CatoLeganger@obskorps
Image 2 of 9 Of:  Snow Profile Copyright:  CatoLeganger@obskorps
Image 3 of 9 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Kraftig snøfokk med vind frå søraust.
Image 4 of 9 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Nordvestvendt leformasjon. 5-10 minutt med snøfokk og sekken byrjar å verte nedføyka. Indikasjon på vindtransport :)
Image 5 of 9 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Mot sør. Ingen skredaktivitet som eg kunne sjå i dei ordvendte bratthenga til Melderskin (1426 moh).
Image 6 of 9 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  Såg noko som kunne minne om skredaktivitet i bratthenga midt i biletet, men pga stor vindtransport var nok skredmassane tildekka.
Image 7 of 9 Of:  Danger Sign Copyright:  Cato Leganger Comment:  Det har løsna eit flakskred i nedre del av bratthenga, midt i biletet. Basert på dagens turobs vil eg anta at det har regna opp til dette punktet, noko som kan ha ført til at skredet løyste ut. Vestvendt side.
Image 8 of 9 Of:  Danger Sign Copyright:  Cato Leganger Comment:  Det minnar meir om vår enn vinter, men snøfokk er det uansett.
Image 9 of 9 Of:  Snow Cover Copyright:  Cato Leganger Comment:  På veg ned var det som tidlegare på dagen var fuktig laussnø byrja å "snerke" seg betraktelig. Det hadde danna seg ei 2 cm hinne av is frå skoggrensa og ned.
Danger Sign
• Recent avalanches • Observerte eit fersk flakskred då eg kom heim. Eg vil anta at det har løyst ut i løpet av dagen. Str. 2. Vidare vil eg anta at temperaturauken i kombinasjon med regn har fått det til å løsne og gå i brudd på nedføyka nysnølag. Eg såg ikkje like tydelege spor etter skredaktivitet høgare oppe kor der det har vore minusgrader.
• Recent snowdrift • Det har vore vindtransport i heile dag. Aukande frå om lag kl. 12 og utover. På heimveg såg eg at det framleis føyka godt frå toppane. Ubunden snø tilgjengeleg frå om lag 700 moh.
Avalanche Activity
• 9. Feb. 6-12 (+01:00) • Loose dry avalanche • Few (2-5). 2 - Medium. Spontaneous release • Few steep slopes. W. Above 700 masl • Tre sikre observasjoner av ferske skred, men også fleire som kunne minne om det. Dei eg er usikre på var litt for langt vekke til at eg kunne sjå utan kikkert. Dei var i tillegg tilsynelatande dekka av snø (snøfokk), men det er rimeleg å anta at dei har fått siste døgn. Fellesnemnar for alle er at det var tørre flakskred i vest/nordvestvendte brattheng.
Weather
• No precipitation • 0 °C • 5 m/s from SE ↖ • 70% clouds • Det var nedbør i morgontimane i dag. Regnet gjekk over til sludd og snø frå om lag 6-700 moh. Frå kl. 12.00 har det vore opplett. Tendensar til kraftig snøfokk med 13-14 m/s i vindstyrke, men generelt litt roligare. Lufttemperatur er på om lag 1000 moh. Temperaturen har synke i løpet av dagen. Mildt i dag tidleg, men kaldere no.
Snow Cover
• 60 cm • Heavy snow drift • Elevation of new snow 600 masl. Snow line at 600 masl. Layered snow begins at 700 masl • Some loose snow (1-10cm) • Dry • Moderat, men aukande til kraftig snøfokk. Avblese på ryggane. 10-15 cm tørrsnø i vestlige leformasjon. Varierande hardhet i overgang mellom rygg og leformasjon; vindpakka hard til mjuk.
Tests
• ECTP9@15cm(Q2) • Poor • Det er dette laget eg antar er årsaka til dei naturleg utløyste skreda eg observerte.
• ECTP14@73cm(Q3) • Medium • Kantkorn under skarelag. Førre helg observerte eg byrjande kantkorn over skarelag 100-200 meter høgare oppe, men i same eksposisjon og område. Eg såg ingen tendensar til det her eg var i dag.
Snow Profile
• 2 tests connected to snow profile • Persistent weak layer: thin layer, below slab • 8 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). The collapsing weak layer is thin < 3 cm. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Spontaneous release • 2 - Medium • Some steep slopes N, SW, W, NW above 700 masl • Det er to ulike svake lag med nedføyka/delvis nedbrutt nysnø i snødekket der eg var i dag. Eg får kun det eine til å gå i brudd ved den eine testen eg gjorde, men lag nummer to, som ligger litt djupare, men innen ein halvmeter, sklir lett ut når eg så vidt legger press på spaden bak blokka.
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of faceted snow beneath a crust • Within a meter • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). A big and identifiable crystal in the weak layer. • Difficult to trigger • Possible • 3 - Large • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW above 800 masl • Har registrert kantkorn over skare i høgareliggande terreng. Dette er enda meir potent enn det som ligg under skaren
• Loose wet avalanche • Loose snow • Spontaneous release • 2 - Medium • Few steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW below 700 masl • Registrerer fuktig snødekke opptil om lag 700 moh i dag. Om snøen ligg over skarelag eller glatt berg/is, vil dette kunne lett skli ut. Der eg var i dag, var det ikkje store problemet, og eg såg allereie no at overflata var i ferd med å fryse til. Då eg gjekk opp var det bløtt, men då eg køyrte ned att 4 timar seinare var det danna seg ei to cm hinna med "snerk"/is.
Avalanche Danger Assessment
• Det er betydeleg skredfare, og spesielt knytt til nedføyka nysnø. Om dette flaket sklir ut kan det fort generere Str. 2 skred. Eg ser ingen teikn til større skred, og det er i leformasjoner mot vest-NV og SV at problemet er. Det er også eit lag til litt djupare med same karakteristikk, men det skal meir til for at det går i brudd. For kantkornlaget, så skal det skal større tilleggsbelastning til for å løyse det ut, men det kan til gjengjeld generere større skred av str. 3. Dette laget finner ein i alle himmelretninger, men basert på dagens observasjon er det nok størst fare over 1000 moh i ytre del av regionen. Truleg er den grensa lågare i indre del. I tillegg har ein våte laussnøskred under om lag 700 moh. Der eg var i dag, er det ikkje store problemet, men eg vil anta at om ein ferdas på underlag (sva, is osb) der den våte snøen ligg over vil det kunne gå Str. 1-2 skred. • Det skal fortsette å blåse frå søraust i kombinasjon med nedbør. Det er meldt noko roligare vind, spesielt i morgon, men det er likevel nok til at snøen vil fortsette å flytte litt på seg. Dette vil føre til at skredfaren vil fortsette å ligge på FG 3. Eg trur ikkje det behov for å gå opp til FG 4. • 3 Considerable • Forecast correct • Eg synes dagens varsel samsvarte godt med mine observasjoner i dag. Eg fann kantkorn under skarelag i dag, men eg veit at det er i ferd med å verte godt utvikla kantkorn over skarelag i same området, berre litt høgare oppe.
Notes
• Full obs med bilete kjem seinare.