Danger Sign
• Recent avalanches • Observerte nokre våte laussnøskred, men kun opp til str 1.
Avalanche Activity
• Loose wet avalanche • Few (2-5). 1 - Small. Spontaneous release • Few steep slopes. SE, S, SW. Above 900 masl • Observerte våte laussnøskred i overnevnte sektorar i dag, laurdag. Sjå ellers under "skredproblem" for nærare informasjon.
Snow Cover
• 70 cm • No snowdrift • Snow line at 850 masl • Wet loose snow • Wet • Snødekket består av skare med nokre cm våt laussnø oppå - spesielt der sola har tatt. Utpå dagen i dag var snøen enkelte plassar godt smelta, noko som førte til "lugging". Utover det består snødekket her i stor grad av smelteomvandla snø. Nedst mot bakken er det lausare, våt smelteomvandla snø, medan det overliggende laget består av ein solid base av frosne smelteformer. Når sola/temperatur får tak byrjar dette laget å smelte og ein får våtere laussnø oppå eit hardare underlag.
Weather
• No precipitation • 3 m/s from SE ↖ • 50% clouds • Sol frå morgonen av. Tilskyende frå lunsjtider, men framleis glytt av sol. Betrakteleg varmare i dag, laurdag, enn torsdag. Snødekket var betraktelig mjukare frå morgonen av - i alle himmelretninger - enn dei siste dagane.
Snow Profile
• Det er same snøprofil som tidlegare. Det er ingen stor endring frå det eg kan sjå så eg nyttar same profil. Det er varierande kor tjukt det øvste laget er, avhengig av tidspunkt på dagen og himmelretning. • 3 Stratigraphy layers
Avalanche Problems
• Loose wet avalanche • Loose snow • Spontaneous release • 1 - Small • Few steep slopes above 800 masl • Eg observerte ikkje skred i andre sektorar enn S-SV-SØ i dag, men med auke i temperatur i dag og vidare frametter, er det ikkje utenkelig at det byrjar å gå skred i dei andre sektorene også. I dag var utbreiinga til "få bratte heng", men eg vil tru at det etter kvart byrjar å gå i få til mange bratte heng.
Avalanche Danger Assessment
• Skredfaren er forbunde med fare for våte laussnøskred. Auken i temperatur, samt overskya vêr vil hindre at snødekket frys om natta. Dette kan føre til at skredproblemet vert å finne i alle himmelretninger. Skal ein på ski bør ein vere tidleg ute for å unngå at snøen vert for metta på vatn som følgje av sol/temp. • Dei neste dagane er det meldt ein varmare vêrtype og temperaturen om natta vil holde seg på plussida høgt til fjells - det er meldt plussgrader døgnet gjennom til over 1500 moh. Skredproblemet vil vedvare og vil gjelde for alle himmelretninger. • 1 Low • Forecast correct • Litt vanskeleg å sei om det er FG 1 eller FG 2. Eg observere ikkje det som skal til for å få FG 2 mtp matrisen i dag, men det er mogleg at det ligger på FG 2 basert på auken i temperatur dei neste dagane og regionen sett under eitt. Det vert sjølvsagt litt synsing frå mi side, men når temperaturen får ta meir i V-N-Ø er det meir snø tilgjengeleg der (som ikkje har byrja å rase ut enda) som igjen kan føre til skred av str 2. I kombinasjon med "nokre bratte heng" kan ein få FG 2, men dette vert berre synsing og ikkje noko eg har observert i dag.