Image 1 of 5 Of:  Weather Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Sørover frå der snøprofil vart greven. Overflata av snødekket har innslag av rim over nysnø og nær-overflata kantkorn. Slett og fint i deformasjoner.
Image 2 of 5 Of:  Avalanche Problems Copyright:  CatoLeganger@obskorps
Image 3 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Eldre skredaktivitet i fjellsida midt i biletet.
Image 4 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Skispor - varierande kor djupe spor dei set.
Image 5 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Trør 10-15 cm ned utan ski. Ubunden snø tilgjengelig for transport om vinden tek seg opp.
Avalanche Activity
• 29. Jan. 18-24 (+01:00) • Loose dry avalanche • Few (2-5). 1 - Small. Spontaneous release • Few steep slopes. SW, W. Above 1000 masl • Observerte også nokre eldre tørre flakskred, på ca 1000 moh - mogleg utløyst i helga - eit av dei tendenserte til str. 3. Usikkert kva disse har gått ut på, om det er kantkorn eller nedføyka nysnø. Observerte også nokre få tørre laussnøskred i same sektor.
Weather
• No precipitation • -11 °C • 3 m/s from W → • 10% clouds • Kald og klar dag, fallande temperatur frå i går til i dag. Ingen vind av betydning. Fall litt nedbør som snø i går ettermiddag/kveld - ca 2-4 cm.
Snow Cover
• 140 cm • No snowdrift • 2 cm • Elevation of new snow 0 masl. Layered snow begins at 600 masl • Other • Dry • Det ligg framleis meir snø mot nord og nordvest, over 1000 moh, men regionen har fått bra påfyll med snø siste sykluser. Truleg litt meir snø og jamnere fordeling i indre del av regionen vs ytre.
Snøoverflata er varierande. Delvis avblåst nedpå skare på toppane og enkelte konvekser. Generelt i terrenget er det ein variasjon av ubunden snø, 10-15 cm tilgjengeleg for transport mot sør-søraust og aust, men også innslag av mjuke fokksnøflak. Herskende vindretning for oppbygging av fokksnøflak har vore frå vestlig sektor. Overflata har også eit lite rimlag øvst som kviler på nysnø i kombinasjon med nær-overflata kantkorn - totalt ca 10-15 cm. Greit å vere obs på om det skulle føyke ned.
Snødekket består elles av ulike sjikt av fokksnø som kviler på eit solid lag av avrunda kantkorn - ca 20-25 cm tjukt lag - (utan nemneverdig "piff"). Nedst mot bakken er det smelteformer. På lågare høgder er det observert kantkorn mellom skarelag, men dei har lite å sei per noverande tidspunkt.
Tests
• LBT@25cm(Q3) • Nedføyka nysnø. Skal ein del til for å få blokka til å gå i brot. Vil klassifisere det som middels stabilitet.
Snow Profile
• Kantkornlaget som har vore ei utfordring til no ligg djupt i dekket på denne lokaliteten. Dette laget består av to ulike sjikt; eit overliggande som er litt hardare og eit lenger nede mot smeltepakken som er mjukare (4F). Dette nedste laget er tynnare samanlikna med det overliggande, og i den grad det er potens at i dette, så er det det nedste laget - mot smeltepakken - som kan gå ut. Det skal særs stor tilleggslast om det skal gå ut noko på dette, iallfall her. For min del så tendenserar det til "Få bratte heng" trass i at dette er eit lag som vi antakelegvis vil sjå att i alle sektorar. • Persistent weak layer: thin layer, near surface • 13 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). The overlying slab is soft. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Difficult to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes NE, E, SE, S above 600 masl
• Dry slab avalanche • Poor bonding between layers in wind deposited snow • Within half a meter • A big and identifiable crystal in the weak layer. • Very difficult to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes NE, E, SE, S, SW above 700 masl • Observerte fleire sjikt i eldre fokksnø. Det skal stor tilleggslast for at dette skal gå i brot.
Avalanche Danger Assessment
• Skredfaren primært knytt opp til fokksnøflak over nysnø. Det er vanskelig å løyse ut skred, men det er rimelig å anta at skredstr 1 og 2 kan gå. Ser ikkje på nedføyka kantkorn som stort problem lenger. Har sjekka på same stad tre veker etter kvarandre og det er tydelig at skredproblemet har mista mykje av futten. • 2 Moderate • Utfordring med kantkorn: Eg har ”tracka” det innmeldte kantkornproblemet siste tre veker, på meir eller mindre same stad; høgde og eksposisjon. For tre veker sidan var det særs stort potensiale i det, men opplevde det som mindre ”piff” i det førre helg – vurderte difor FG 2 med det i mente då. Under dagens observasjon opplever eg det som enda mindre potens i det. Det er ingen ferske skred knytt til dette skredproblemet heller. Moglegvis skred frå førre helg gjekk ut på dette laget, men det vert spekulasjoner frå mi side. Med tanke på at Røldalsfjellet er den staden i regionen kor du moglegvis har mest vêr og låge temp, iallfall samanlikna med ytre del, så byrjar eg å tenke at dette kan gjelde for heile regionen, om det gjeld her.