Weather
• 5 °C • 5 m/s from NW ↘ • 50% clouds • Kaldare vêrtype, men forbigåande. Klarvêr i morgontimane, men tilskyande utover føremiddagen i dag - stigande temperatur. Litt nedbør i går/i natt - som snø over ca 800 moh.
Snow Cover
• Elevation of new snow 800 masl
Avalanche Danger Assessment
• Mildvêr og store nedbørsmengder høgt til fjells fører til betydeleg skredfare. Ferdsel i skredterreng krever særs solid erfaring og gode rutevalg både opp og ned. Store naturlege utløyste skred kan forekomme.
Det er stor variasjon i regionen i forhold til høgde og himmelretning. Det er meir snø i indre strøk, og skredfaren vil vere størst her.
• Mengden nedbør og mildvêrsgrense i morgon, onsdag, avgjer kor seriøs situasjonen vert. Om mildvêrsgrensa går lågare enn antatt så kan vi få skredproblem knytt til ustabile fokksnøflak også. • 3 Considerable • Det er ein interessant situasjon. Vi har eit snødekke som varierer mykje, både med omsyn til kor du er i regionen, men også ifht høgde og himmelretning. Vi har, gjennom førre helg, hatt mildvêr høgt til fjells, noko som har ført til stor skredaktivitet i alle himmelretningar. For morgondagen, når det er størst fare for store nedbørsmengder, så er det naturleg å tenke at skredproblema er aktuelle i "Mange" heng, men basert på vêret som har vore og mengde snø ifht høgde, himmelretning og forskjellane innad i regionen så landar eg på "Få heng" - det fører til FG 3. Det er likevel viktig å få med at i disse henga kan ein ha ein situasjon som tilsvarer FG 4, medan i andre deler av regionen har ein situasjonen som av ein mildare karakter.