Danger Sign
• Much water in the snow • Eg hadde ikkje nok sikt til å observere høgareliggande skredterreng mtp å observere skredaktivitet.
Weather
• Rain • 5.9 °C • 3 m/s from SW ↗ • 100% clouds • Mildværet slo inn i går kveld. Truleg mildt like til 1500+ moh. Har regna godt sidan i går ettermiddag. Litt vind i høgda; 7-8 m/s, men varierande.
Snow Cover
• No snowdrift • Heilt avsmelta i mange himmelretninger opp til sirka 1000+ moh i ytre del av regionen. Ein del plasser er det avsmelta enda høgare opp også. Lågare snøgrense i indre del, rundt Røldal; 700-800 moh. Det er generelt lite snø i regionen, og det er i tillegg ein del variasjon mtp snøgrense og snømengde. Aukande mengde med snø over sirka 1000 moh, men også her er det variasjon mtp kor du befinner deg i regionen.
Snow Profile
• Ingen profil verdt å illustrere. Dei få snøfonnene som låg att var gjennomfukta.
Avalanche Problems
• Loose wet avalanche • Loose snow • Spontaneous release • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW below 1400 masl
Avalanche Danger Assessment
• Det er variasjon i regionen. Der det er skiføre må ein vere obs på både naturleg utløyste våte laussnøskred og potensielt større våte flakskred. Ver obs om du ferdes i nærleiken av utløpsområder. • Temperaturen skal falle og nedbøren skal gå over til snø i dei mest aktuelle områda. Stabiliserande situasjon frå i natt/i morgon av. • Det er litt utfordrande å setje ein faregrad på noverande situasjon. Det er områder i indre del av regionen, samt terreng rundt Folgefonna som har akkumulert ein del snø, men om den totale utbreiinga tilsvarer "Få" eller "Nokre" heng, er usikkert. Eg er freista til å setje "Få" for heile regionen. For ytre del er det mest rimelige "Få" heng. Der det er nok snø - over ca 1000+ moh i enkelte himmelretningar så kan det gå naturleg utløyste str. 3 skred. Det vil også vere aktuelt med str. 1 og 2 våte laussnøskred like til topps. Ein kan nok legitimere FG3 i dag, men ein bør kanskje vurdere å gå ned frå i morgon (torsdag) av til FG2...
Notes
• Ein rask tur opp til sirka 1000 moh i ytre del. Forventa ikkje å finne anna enn lyng og enkelte snøflekkar, men hadde håpa på utsikt til høgareliggande områder, men dessverre er det tjukk skodde og såleis lite sikt. Eg prøver meg i indre del av regionen til helga (Røldalsfjellet - 1300 moh).