Avalanche Activity
• 11. Apr. During the day (+02:00) • Loose wet avalanche • Few (2-5). 2 - Medium. Spontaneous release • Few steep slopes. N, NW. Between 1100 masl and 900 masl • Såg mot ca 1200 moh. Observere eit par våte laussnøskred, rundt str. 2. Ingen aktivitet som samanfell med kantkorn og flak høgt i snødekket - ingen flak som har gått ut, etter det eg kunne sjå.
Weather
• No precipitation • 12 °C • from SE ↖ • 95% clouds • Ser at det er + 3 grader på rundt 1000 moh i indre del av regionen i dag. Det har vore relativt kraftig vind dei siste dagane, og med varierande mildværsgrense, så vil vi periodevis ha hatt kraftig snøfokk i høgda. Gunstige temp for stabilisering av evt fokksnø som del av "nedføyka nysnø". Litt nedbør natt til i går.
Er meldt litt nedbør utover dagen - vil nok regne høgt til fjells; 1400 moh.
Snow Cover
• I går kom det ca 5 cm våt nysnø på rundt 800-900 moh. Rundt 15 cm høgare i terrenget; 1200 moh. Varierande mildværsgrense sundag og måndag, samt i dag, tysdag, har noko fukta snødekket. På siste obstur på Røldalsfjellet, ca 1300 moh, så observerte eg overflaterim mot nord og tilgrensande sektorar. I lommer av varierande størrelse, så låg disse på blyanthard fokksnø, men ikkje noko meir som på det tidspunktet (truleg) kunne gitt noko meir enn str. 2 skred. Om rim/overflate kant har overlevd dei siste dagane med varierande mildværsgrense og gunstig temp for runding, så er det i høgda (over 1100-1200 moh), mot nord, nordvest. Men eg mistenker at utbreiinga i så tilfelle er liten. Eg rekk ikkje opp i høgda før mot helga, men skal sjekke då.
Avalanche Danger Assessment
• 2 Moderate • Mistenker at rim/kantkorn høgt i snødekket er i ferd med å verte eliminert. Mogleg at det kan ligge som eit skredproblem høgt til fjells, men tenker at grensa på 800 moh er for lågt nede. Den bør truleg opp til rundt 1000-1100 moh - få heng - str. 2. Om dette er aktuelt, så bør vi få indikasjon ifm av skredaktivitet i dag/i morgon.
Tenker uansett at FG2 er fornuftig med situasjonen per i dag.
Notes
• Neste obstur i regionen bør gå i nordvendte sider - opp til 1200+ moh. Vil vere bra om vi kan få bekrefte eller få fjerna kantkorn høgt i snødekket mot nord- og tilgrens. sektorar.