Image 1 of 10 Of:  Weather Copyright:  CatoLeganger@obskorps
Image 2 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Mot aust. Enkelte formajsonar har nok snø til å gi ok skiføre, men det er tynt.
Image 3 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Formasjonar som har samle mjuke fokksnøflak.
Image 4 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Der vinden har fått tak, er det tydelege spor etter han. Typisk på ryggar, nabbar og andre framstikkande formasjonar.
Image 5 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Det er lite snø i terrenget, både relativt høgt til fjells og lågare nede.
Image 6 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Skitrekket i Fjellhaugen. Ein liten leformasjon som har samla litt vindtransport.
Image 7 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Det er greit å ferdes på ski, men du bør ikkje vere for glad i skia dine. Det ligg ok mengde med snø på større flater, utan for mykje formasjonar i underlaget.
Image 8 of 10 Of:  Snow Cover Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Mjuke flak - tendens til ubunden snø.
Image 9 of 10 Of:  Snow Profile Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Mot vest. Mjukt og relativt tynt flak i toppen - kviler på nedføyka nysnø av ulik hardheit; F-4F - ein delvis sprø mildværsskare (P-k) mot bakken. Nedst mot bakken byrjande kanting; 4F.
Image 10 of 10 Of:  Snow Profile Copyright:  CatoLeganger@obskorps Comment:  Rask profil mot aust. Mengde er ikkje representativt for terrenget generelt. Relativt homogen lagdeling. Eit lite innslag av mildare luft midt i pakken; ifm av hagl. Fekk ingen spesielle utslag i test utover eit lite brot i toppen; fokksnøflak.
Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Lett snøfokk. Vind frå austleg retning.
Avalanche Activity
• 29. Nov. During the day (+01:00) • No avalanche activity
Weather
• No precipitation • -4 °C • 5 m/s from E ← • 50% clouds • Relativt kaldt. Liten trekk frå aust, men eigentleg ikkje snøtransport av betydning.
Snow Cover
• 30 cm • Some snow drift • 0 cm • Snow line at 500 masl. Layered snow begins at 500 masl • Other • Dry • Bad • Det er relativt lite snø, men indre del har meir snø enn ytre del.
Mildværet for ei tid tilbake fukta den fyrste snøen høgt til fjells. Denne fraus att forut for siste runde med snøfall og vind. Denne pakken ligg no som ein base i høgda i ytre strøk; over ca 1000 moh (variasjon) og frå rundt 700-800 moh i indre del (variasjon). Over dette laget ligg der både ubunden snø, og fokksnø som kviler på nedføyka nysnø. Vind frå aust-nordaust-nord har ført til mjuke flak i motsatte sektorar. Skjerma formasjonar har ubunden snø, og gir fint skiføre. Kan vere aktuelt i fleire himmelretningar pga lokale vindeffektar.
Varierande grense for skiføre, men greit å ferdes frå ca 4-500 moh. Variasjon.
Snow Profile
• W • 30° • Mengde snø ikkje representativt for mengden i terrenget. Grov profil bak haug for å teste eigenskapane til fokksnøflaket. • Persistent weak layer: below slab, near surface • 6 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • Easy to trigger • 1 - Small • Some steep slopes SW, W, NW above 600 masl • Det kan tenkes at det kan vere få heng som har fått tilført no vindtransportert snø til at ein kan få str. 2 skred, men dette vert spekulasjonar. I så tilfelle så vil det vere mest aktuelt i indre del av regionen. Eg veit meir etter fredagens obstur.
Ein kan også vere obs på at varierande vindretning kan ha aktualisert skredproblemet i fleire himmelretningar, men herskansde vindretning har vore frå nord-aust og austleg sektor siste tid.
• Loose dry avalanche • Loose snow • Very easy to trigger • 1 - Small • Few steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW above 500 masl • Enkelte skjerma formasjonar kan ha tilstrekkeleg mengde ubunden snø til at ein kan få små, tørre laussnøskred. Varierande vindstyrke siste tid, avhengig av kor du er i regionen, kan kanskje ha aktualisert det i dei fleste himmelretningar, men dette er i grenseland til å vere verdt å nemne.
Avalanche Danger Assessment
• Det er generelt lite snø og følgjeleg tynt snødekke. Ver obs der det har danna seg fokksnøflak. Disse kan vere lette å løyse ut, spesielt der snøpakken kviler oppå det harde og attfrose mildværslaget nedst mot bakken. Skreda antas å verte små, men områder med stort nok henteområde kan ha samla nok vindtransportert snø til å gi str. 2 skred, men dette er usikkert. Ver også obs på at det er mange steinar, kvistar og buskar som ligger like under overflata, og det er fort gjort å hekte fast skia. • Det er ein relativt stabil værperiode vi er inne i. Mogleg litt nedbør utover neste veke. Det som kjem av vind vil kun ha ein effekt om vinden tiltek tilstrekkeleg i styrke til å frese opp og flytte på snø, eller at vinden dreiar og ein får transport frå vest-sørvest og inn i motsatte sektorar. Det har også vore observert litt fukt nede i snødekket, og eg vil anta at vi kan få litt kanting i- og rundt disse laga. • 1 Low • Eg går obstur i indre strøk på fredag. Eg kan gi litt meir konkret tilbakemelding på spekulasjonane mine då.