Danger Sign
• No signs observed • Område: I denne fjellsiden
Weather
• No precipitation • 1 °C • 0 m/s • 5% clouds • Mildare værtype i går. Væromslag i går kveld/natt. Stille i dag. Kunne ikkje sjå vindtransport i høgda.
Snow Cover
• Det kan nok ligge nedføyka kant/rim, men då truleg som del av eit tjukkare lag av nysnø og overflatekant/rim. Observerte overflatekanting/rim i overflata forut for vindauke. Mengda nysnø der var kanting/rim i varierete frå 10-30 cm. Underliggande lag var også varierande; enkelte stader fokksnøflak (V-SV-S) og skare i motsatte himmelretningar. Naturleg nok med litt lokale variasjoner. Over alt dette har det no bygd seg opp ferske fokksnøflak der vinden har flytta snø.
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • Easy to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes N, W, NW above 800 masl • Legg inn nokre antakelsar basert på førre obstur, samt været som prega regionen i helga. Legg skredproblemet som nedføyka nysnø, men i dette nedføyka laget er det nok både overflatekant og rim. Eg vil anta at det er lett å løyse ut skred, men eg er litt usikker på skred.str. Det kan ikkje utelukkes at dt kan gå str. 3 skred i enkelte (svært få) utsatte formasjonar. Men tenker at det er mest rimeleg med str. 2. Det er varierande mengde snø og følgjeleg varierande kor store områder det er fornuftig å stå på ski i, men det er disse formasjonane som innbyr til skikøyring - der vi også finner skredproblema.
Mistenker at vinden har jobba litt forskjellig i indre del ifht ytre del. I følgje meldingar så var det mest vindtransport natt til i dag - frå aust og nordaust. Medan det var litt anna vindretning i ytre del laurdag - frå søraust. Det er godt mogleg vi bør markere ut heile "kaka". I utgangspunktet tenker eg at det er mest obs om det har blåse frå nord-nordaust i indre del.
Avalanche Danger Assessment
• Ver obs i formasjonar som har samla ferske fokksnøflak. Det kan vere lett å løyse ut skred i den ferske fokksnøen, og skreda kan verte store nok til å begrave deg. Varierande vindretning kan ha aktualisert skredproblema i fleire himmelretningar.
Ver obs på at vinden kan ha jobba ulikt i indre del ifht ytre del. I indre del kan det ha etablert seg fokksnøflak, natt til måndag, over allereie eksisterande ustabile massar. Sjølv om utbreiinga truleg er liten, så kan det vere formasjonar som har samla tilstrekkeleg mengde snø til at det kan gå skred store nok til å begrave deg. Disse formasjonane er dei ein typisk oppsøker når det er relativt snøfattig som no, så ver obs. • Det var ein del vind i helga, samt litt høgare temp. Eg vil anta at fokksnøflaka som etablerte seg laurdag i ytre del kan ha hatt litt gunstigare forhold for stabilisering forut for temp. fall igjen natt til i dag, men det vil framleis vere lett å løyse ut skred.
Relativt stabil situasjon til vi igjen får temp. auke og større nedbørsmengder utover veka. Kan få ein litt kvassare situasjon inn mot helga, der fokksnøproblematikken vil vere mest aktuell. Høgare temp vil gi forbigåande større skredfare, men truleg også gi raskare stabilisering. Vi får sjå været an. Det er framleis lite snø i regionen, så skredfaren vil variere både lokalt og regionalt. • 2 Moderate
Notes
• Nokre betraktningar om nedføyka kantkorn/rim.
Går obstur så snart kroppen tillater å ferdes på ein fornuftig måte; tysdag/onsdag. Sjå teamskanal for Hardanger for meir info.
Eg sjekker status på kantkorn så snart eg kjem meg til indre del av regionen.