Avalanche Danger Assessment
• Det var omlag 5cm nysnø på parkeringsplassen på Bondalseidet i dag tidleg. Til samanlikning var det eit par cm meir i Volda. Det kan tyde på at nedbøren har kome som byger og det kan vere litt variasjon i kor mykje snø som har kome rundt om på fjellet også. På Eitrefjell og Veirahaldet var det ikkje meir enn desse 5-7cm med nysnø som har kome i natt. Det har vore litt vind som har flytta på snøen, og nokre plassar er det bærande fokksnø, særleg på utsatte ryggar. I skjerma formasjoner er det godt skiføre, med meir snø. Snøen er framleis ubunden der, noko som kan tyde på at vinden ikkje har vore så hissig i natt. Snøen er også kald, med nedbør frå sør aust og kjølig vær. Vi var mest i vestlege formasjoner, men reknar med at også østlige, skjerma formasjoner har likande tendens. Det er stor variasjon i snødekket med den gamle snøen, frå avblåst til bakken og opp mot ca 100cm total snødybde nokre plassar. Ingen fareteikn ellers eigentleg. • 1 Low • Forecast correct