Avalanche Observation
• 11. Feb 20:32 (+01:00) • Dry slab avalanche • 2 - Medium • Unknown • SE-facing • Avalanche release at 686 masl and ended at 668 masl • Poor bonding between layers in wind deposited snow • 10 cm high and 100 m wide fracture • Steep slope • Litt usikker på om det gjekk akkurat der om det er plotta inn i kartet, men i det området. Pga. mørke og snø i lufta vart bileta svært dårlege og eg har difor ikkje lagt ved nokon, men skal beskrive so godt som eg kan ut i frå det me såg der.
Henget: Som ein hoppbakke landing med ein konveks i toppen og konkav i boten med litt kuleformasjonar og tre på sidene. Høgdeforskjell på omlag 60-80 meter.
Brotkanten: Eg vil anslå den til omtrent 80- 100 m brei - den fulgte rett under konveks formasjonen i terrenget. Mesteparten av brotkanten hadde ei høgd 5-15 cm, det var nokre få meter i den austlege delen av brotkanten som var omlag 30 cm.
Skredmassane fordelte seg jamnt utover henget og ein ville mest truleg ikkje blitt heilt begravd. Når me køyrte inn i skredmassane var det heilt mjukt og litt som å køyra i oppkøyrt laussnø. Sjøvle skredmassane fordelte seg langt nedover henget. Litt usikker på kor langt, men vil anslå frå mellom 50-70 meter med variasjon i høve terrenget.
Det var mest truleg hunden min, 25 kg liten tilleggsbelastning som løyste ut skredet då han sprang inn i henget frå toppen og me køyrte ned lenger aust for henget. Grunnen til den konklusjonen er at me køyrte ned aust for skredet der snøen var skjerma for vind, i tillegg stod hunden nedanfor oss når me køyrte inn i skredmassane frå aust. Når det er mykje laussnø slik det var i går kveld er hunden alltid eit stykke bak oss når me køyrer på ski sjølv om han har eit forsprang. Når me køyrte inn i skredmassane stod hunden på toppen av skredmassane uskadd og upåverka omlag 25-30 meter under oss og han var nok meget nøgd med å vera før oss ned (eg, ikkje like nøgd). Med andre ord; han fekk seg ein "fin" symjetur ned henget.
På veg opp snakka me om at det kunne gå skred i det henget skredet gjekk i, og det fekk me no ei sjeldan gong bekrefta. To sekund med klump i magen (til eg såg hunden), mykje god erfaring og læring.
Weather
• Snow • from NW ↘ • Mykje vindtransport frå nordvest og bygevær med nedbør.