Det er venta mykje regn i dag og natt til måndag, opp mot 30 mm. Nedbøren er venta å koma som regn opp til 500-600 moh. I tillegg er det venta stor snøsmelting opp mot 15-20 mm/døgn. Enkelte stader er grunnvasstanden og vassmettingsgraden i bakken allereie svært høg etter fleire døgn med snøsmelting og litt regn. Lokalt har jorda starta å tina. Med gjeldande prognose er dalføra i Sør-Trøndelag mest utsette.<br/>Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er særleg utsette. Reinsking av dreneringsvegar og stikkrenner er anbefalt.