Weather
• Drizzle • 4.2 °C • 1 m/s • 100% clouds • Fuktigare vêrtype samanlikna med siste dagar. Litt nedbør som snø over ca 300 moh. Lite vind lokalt i dalen og i høgda i ytre strøk, men kraftigare vind i indre del av regionen.
Snow Cover
• Elevation of new snow 300 masl. Snow line at 900 masl. Layered snow begins at 900 masl • Det har snøa litt i natt, men då det har vore så avsmelta høgt til fjells så krevs det mykje snø for at snøforholda skal betre seg og at grensa for samanhengande skiføre skal senke seg. I området rundt Rosendal så må ein opp til ca 900/1000 moh for å finne samanhengande skiføre, men jo lenger inn i dalane mot Folgefonna ein kjem jo lågare ligg snøen, men det er framleis særs lite snø for årstida. I enkelte himmelretningar er det avsmelta like til topps. Meir snø mot nord-nordvest, men variasjoner i regionen. Lågare snøgrense i indre del rundt Røldal.
Ein kan vere obs på at klarvêret dei siste dagane kan til dels ha reaktivtert kantkornlag nede i snødekket. Det er også ein moglegheit for at rim kan ha snøa ned, men mogleg vinden har teke knekken på det før det snøa ned.
Notes
• Eg satsar på ein obstur i indre del, rundt Røldal i morgon, samt ytre del i rosendalsfjella på måndag. Prøver å komme meg opp til høvesvis 1300 og sirka 1100 moh for å få eit representativt bilete på regionen. Ta kontakt om eg kan bistå med noko.