Danger Sign
• No signs observed • Område: Generelt på fjellet. Køyrte tur-retur Rosendal-Røldal. Observerte ingen ferske skred, men det var tidvis litt flatt ljos, og følgjeleg ligger det eit snev av usikkerheit i obs.
Avalanche Activity
• 14. Jan. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Observerte ingen ferske skred. Ein og anna "snøball" som hadde trilla ned, men ingen større aktivitet.
Weather
• No precipitation • -8 °C • 4 m/s from SE ↖ • 50% clouds • Klart og kaldt vær frå i går ettermiddag. Halvskya før det. Ikkje spesielt mykje vind eller nedbør. I dag: Halvskya, kaldt og lite vind. Tilskyande utover dagen, laurdag.
Snow Cover
• 100 cm • No snowdrift • Layered snow begins at 700 masl • Much loose snow (10-30cm) • Dry • Very Good • Det ligger mykje ubunden snø tilgjengeleg i alle himmelretningar. Mengde varierer frå 30+ cm til 10 cm, avhengig av kor mykje vinden fekk tak onsdag-torsdag. På enkelte konvekser kviler nysnøen på den eldre mildværsskaren. Registrerte mildværsskaren like til topps, 1370 moh, i dag. Ein del leformasjonar har samla mykje snø, så mengde snø i terrenget varierer frå ca 30 cm til 3 meter.
Meir snø i indre del av regionen ifht ytre del. Varierande grense for samanhengande skiføre.
Fantastiske skiforhold!
Tests
• ECTN20@22cm(Q3) • Good • Nedføyka nysnø. Mot NØ
• ECTN29@44cm(Q3) • Good • Tendensar til avrunda fasetterte partikler - har ikkje fått utvikla seg veldig, og per no så ser det ut til at det har stoppa opp. Heller ikkje mykje fukt igjen til å krystallisere seg vidare på. Propagere ikkje.
Heller ikkje andre openbare teikn til instabilitet. Har trampa rundt på tynt snødekke, med/utan ski, på 1370 moh, i alle himmelretningar, men får ingen teikn i snøen; drønn, sprekker osb. Generelt anser eg ikkje dette som eit veldig utbreitt problem, men det kan heller ikkje utelukkes i spesielt utsatte formasjonar i høgda, type sva/bratte formasjonar. Det kan vere dette laget ein får drønn på i naboregionane...
Observerte ein del relativt bratt skikøyring i bratthenga rundt Røldal skisenter i dag, men etter det eg kunne sjå, så genererte dette ikkje skred. Eg vil anta at om dette var eit potent problem, så burde vi fått meir aktivitet på det. Dette gjeld også kantkorn/beger ved bakken. Observerte det i dag, men det er avrunda og godt beskytta. Ikkje aktivt problem per i dag.
Snow Profile
• Mot nord. Grov nokre hurtige profiler på enda tynnare snødekke. Ca tilsvarande situasjon. Grov også ein rask profil i formasjonar som hadde samla mykje vindtransportert snø; mot nordaust; 3 meter tjukk snøpakke. Tilsvarande resultat av test som i denne profilen. Grov ein meter ned. • Persistent weak layer: below slab, near surface • 8 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • The overlying slab is soft. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Easy to trigger • 2 - Medium • Few steep slopes N, NE, E above 800 masl • Truleg str 1 i nokre heng, mogleg str 2 i få heng. Stabilisert seg relativt bra. Lokalt ikkje det heilt store potensiale.
Frå laurdag ettermiddag vil skredproblemet flytte seg over mot nordvest og tilgrensande sektorar - varierande vindretning vil truleg aktualisere skredproblemet i mange himmelretningar. Det er meldt vind med varierande styrke, så det vil mogleg ikkje vere like potent over alt. Mest vind i ytre strøk frå laurdag ettermiddag, og følgjeleg ein meir potent situasjon der ifht indre strøk - antakelse basert på værprognosane på yr.no
Avalanche Danger Assessment
• Relativt stabilt, men ver obs når vinden tek seg opp. Ustabile fokksnøflak vil danne seg raskt. Varierande vindretning kan aktualisere skredproblema i fleire himmelretningar. • Vinden skal ta seg opp i kombinasjon med nedbør som snø i aktuelle områder. Det er relativt mykje ubunden snø som er tilgjengelig for vindtransport. Avhengig av vindstyrke så ligger vi nok på FG2 i morgon. Vinden skal iflg. prognosane har ulik styrke i indre ifht ytre del. Skredproblemet er aktuelt i alle himmelretningar pga dreiande vindretning. • 2 Moderate • Forecast correct