Avalanche Danger Assessment
• Nokre nyansar ref. morgonmøte teams:
Det er formasjonar, eg vil anta få, der det ligg tynt lag av kantkorn over skare. Flaket over er tynt, og per i dag vil det ikkje kunne gi større skred. Kanskje str. 1, og i særs utsette formasjoner str.2, men sistnemnte er ikkje nok til å kalles "Få". Det kan per I dag vere lettare å påverke dette, men det kan også hende mildvêret tek knekken på det. Har funne det til ca 1100 moh i ytre del vestvendt og tilgrensende sektorer. Ikkje så utprega i indre del: tjukkare snødekke. Om mildvêret ikkje tek knekken på det, og vi får meir snø oppå, så kan vi potensielt få str. 2 skred i få formasjoner. Usikker på utløysbarhet; Kanskje "lett". MEN, det er vel meldt dels sterk vind frå NV, så det kan hende evt nysnø vert flytta vekk frå desse potensielt utsette formasjonane... Så, ja, vi får følgje med på mildværsgrensa.
Det er jo ikkje veldig mykje snø i terrenget, så vi opererer med ganske få formasjoner.