Danger Sign
• Surface hoar • Område: I denne fjellsiden. Beskrivelse: Det var overflaterim frå ca. 900 moh til toppen, men utover dagen smelta dette i sidene som fekk mest sol og lite vind, der det blei slusj (våt snø). Krystallane var nokre mm store, og var opp på hard skare. Med værprognosa som er no, vil ikkje dette bli eit problem.
Avalanche Activity
• 24. May. During the day • No avalanche activity • Det var fast snø og ingen skredaktivitet blei observert i dag. Nokre klumpar frå eit glideskred ramla ned når sola varma opp omliggande sva, men d var veldig lite. Har gått mange skred førre helg og i starten av veka når det var varmt og veldig våt snø.
Weather
• No precipitation • from N ↓ • 20% clouds • Sol og fint vær, kald vind i høgda. Utover ettermiddagen skya det meir over. Det var mindre skyer dess nærmare kysten ein kom.
Snow Cover
• No snowdrift • Snow line at 200 masl • Crust • Dry • Etter mildværet førre helg og i starten av veka har det blitt kaldare, og snødekket har fryst. Snøoverflata i dag besto dermed primært av skare med rim på. I dei mest solutsatte sidene blei det fin grovkorna slusj/våt snø i overflata utover dagen, og rimet smelta. Det var berre dei øverste centimeterane som blei påverka, og snødekket var dermed fast og fint.
Avalanche Danger Assessment
• Det var fast snø, enten som skare, eller som eit tynt lag med våt snø (sløsj) på ein grovkorna fryst smeltepakke. Ut i frå det eg såg i dag var det ingen reelle skredproblem. • Med gjeldande værprognose med ca. Samme temperaturar og litt meir skyer vil truleg skredfara vere uendra den neste dagen. • 1 Low • Forecast correct • Varselet stemmer godt med observasjonar i dag.