Danger Sign
• No signs observed • Temperaturen har gått ned i løpet av dagen, så dette har stabilisert snødekket. Før dette har temperaturstigning og ferske skred vore faretegn (natt/dag tidleg)
Avalanche Activity
• 5. Dec. 0-6 (+01:00) • Wet slab avalanche • One (1). 2 - Medium. Spontaneous release • Few steep slopes. NE. Above 800 masl • Observerte berre eit skred sjølv på ein køyretur med oversikt over fleire vanlege skredløp. Dette hadde slept ned på berget. Sannsynlegvis gått i natt/dag tidleg pga mildver og regn.
Weather
• No precipitation • -1 °C • 1 m/s from N ↓ • 90% clouds • -1 på 1000m moh. Nullgrensa gjekk på 700. Skyene låg tjukk ned i fjellsidene i dag tidleg, men vinden dreia mot N og skydekket sprakk opp (sjå bilete under skredaktivitet) i løpet av ettermiddagen/kveld. Dette medførte at temp gjekk ned. Liten trekk frå N, men kun merkbar på utsatte plassar.
Snow Cover
• 100 cm • 0 cm • Blaut snø opp til ca 700 der nullgrensa gjekk. Gjennombrotskare vidare oppver i alle fall til 1000. Det var smelteriller også vidare oppover eit par hundre meter så vidt eg kunne sjå. På 1000 meter var det kun eit 1mm lag med nysnø på skaren i forsenkingar i snødekket. I praksis ingen snø som er flyttbar. Dei høgaste fjella rundt ser ut til å ha eit lite dryss med nysnø, men eg er usikker på mengda. Men i følge xgeo skal det vere meir nysnø aust i regionen. Generelt jamn snøfordeling i terrenget. Knivhard snø på avblåste ryggar.
Tests
• ECTN11@12cm(Q3) • Good • Gjekk til brot i 4F laget. Veldig rotete bruddflate, Q3. Ingen teikn til forplanting sjølv etter mange forsøk. Men bruddet gjekk alltid i same laget.
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Poor bonding between layers in wind deposited snow • Within half a meter • Difficult to trigger • Possible • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, E, SE, S above 800 masl
Avalanche Danger Assessment
• Etter at regnet slutta og temperaturen gjekk ned i ettermiddag har dette stabilisert snødekket i forhold til i natt/dag tidleg. Det ser ikkje ut til at vestlege delar av regionen har fått særleg nysnø, så problem med nysnøflak er truleg større lenger inn/østover. Det ligg eit skarelag på toppen av snødekket høgt til fjells, sannsynlegvis til 1200 i alle fall. Under skaren er det fokksnø med ulik hardheit. Eit av desse laga gjekk til brot på ECT, men mi vurdering er at stor tilleggsbelastning må til. Det er også dårleg forplantingsevne i dette laget. Ingen andre teikn på ustabilitet. "Umulig" å få små skavlar til å knekke, ingen sprekkar eller drønn. Har ikkje sett teikn til tidlegare nemte overflaterim og kantkorn. • NØ svak vind vil gi kald vertype uten nedbør. Svingar han over på NV vi det komme nedbør som regn/snø i høgda. Mi vurdering er at forholda i morgon vil vere mykje som i ettermiddag rundt Ørsta/Volda. mao fg2. Men som sagt, lenger inn i regionen med større nysnømengder er nok situasjonen annleis • 2 Moderate • Forecast correct • Varselet stemmer ikkje heilt med mine vurderingar her lokalt (vestsida av Hjørundfjorden). Men det er sannsynleg at skredproblema lenger aust er som varsla.