Danger Sign
• Surface hoar • På Eidskyrkja var det overflaterim frå ca. 9000 moh til topps (1483 moh) tirsdag. Krystallane blei større mot høgda, og var eit par cm på toppen.
• Other danger sign (specify) • Det er glidesprekker fleire stadar. Det er forøvrig kald luft og minusgrader om natta.
Avalanche Activity
• 29. Mar. During the day (+02:00) • Wet slab avalanche • Few (2-5). 2 - Medium. Spontaneous release • SE, S, SW. Below 2500 masl • I Hornindal har det gått eit par naturlege str 2 skred i bratt sørvendt heng på onsdag. Dette er dei einaste dagsferske skreda eg har observert, men det har gått mange flakskred i området dei føregåande dagar (etter sist snøfall søndag). Eg har vore i området Volda, Austefjorden og Hornindal, og har sett mange flakskred i str. 2, opp mot str. 3 som er naturleg utløyst. Desse har gått i alle himmelretningar, og frå 500 moh til dei høgaste fjelltoppane. Det er relativt stor skilnad i høgde på brotkantane, frå 10 cm til over ein meter. I tillegg har det gått våte laussnøskred i bratte fjellsider med eksponert fjell. Desse er små.
Snow Cover
• Har i hovudsak vore i nordvente fjellsider, og beskrivelsen under gjeld for desse. Det er smelteomdanna snødekke opp til ca. 700 moh, etter mildvær fredag og laurdag. Over dette blir snøen relativt raskt tørr, med kun ei lita overgangssone med tynn porøs skare over tørr ubunden snø. Høgare er det laus snø (10-20 cm) i skjerma områder, men på meir utsette stadar er snøen vindpåverka i varierande grad, stadvis er det avblåst ned til gammal skare. Rekner med at det er anneleis i sørvente sider, og har hørt at det enkelte stadar har blitt slusj der seint på dag når sola har stått på. Der er kaldt på natta og relativt kaldt i lufta.