Avalanche Activity
• 23. Apr. During the day (+02:00) • I den nordvendte sida til eidskyrkja har det gått fleire våte skred, både flakskred, laussnøskred og skavlbrot. I tillegg er det glidesprekker. Nokre skred ser gamle ut, nokre nyare, men akkurat skredtiddpunkt veit ikkje eg. Mistenker at det gjekk ein del under regnværet søndag og den påfølgende varme mandagen med sol. Små snømengder rasa ned i dag når sola sto på, og i bratte solvendte heng gjekk det små harmlause sørpeskred når ein rann. Generelt opplevast forholda som relativt stabile, men stadvis med veldig våt (råtten) snø som kan gi skred i bratte solvendte heng. Skredstørrelse vil vere avhengig av terrengformasjonen. Ellers i området har eg dei siste dagane sett nokre skred her og der, blant Anna gjekk det eit glideskred i ved kolåstinden lørdag.
Weather
• No precipitation • 20 °C • 2% clouds • Etter regn og grått søndag, har det vore 20 grader ved havnivå og sol dei to siste dagane. Det har vore ein god del vind i fjellet, utan at det påverkar den våte snøen i stor grad. Klarvær i natt har gitt stor varmeutstråling.
Snow Cover
• Dei siste dagane har det vore mykje snøsmelting, og snøgrensa har blitt høgare. Fjella lengst ut mot kysten er snøfrie. På føremiddagen i dag var snøen i solvendte sider svært våt, men skyggesider hadde blitt faste på grunn av kaldare natt-temperatur og stor varmeutstråling. Det er i hovedsak grovkorna smelteomvandla snø, men stadvis er det finare snø med mykje vatn (sirup- og luggeføre).