Weather
• Sleet • Det er bygevær. Litt nedbør, litt sol. Var snø i lufta iallefall frå 400 moh.
Snow Cover
• I skogen er det mykje vatn i snødekket. Frå ca. 400 moh har nedbøren frå i går/dag gradvis gått over til sludd og snø, som er veldig våt nederst men blir tørrare oppover. Overflata har begynt å bli fastare der det har komme snø, men den underliggande snøen er veldig våt. Innsynking Ski er ca. 5-10 cm, men det er lite motstand i snøen under. I bratte heng under ca. 400 moh kan ein skikøyrar klare å løyse ut våte laussnøskred. Over stabiliserer det seg raskt med nysnøen. Har ikkje vore høgt nok til å finne fokksnøflak, var berre til ca.500 moh. Snøen der var fuktig og godt bunde, men det var ein del vind, så det har kanskje danna seg høgare.