Danger Sign
• Much water in the snow • Område: Generelt på fjellet. Beskrivelse: Mykje vatn i snøen under ca. 400 moh
• Recent avalanches • Område: I denne fjellsiden. Beskrivelse: Generelt lite ferske skred å sjå, men klarer å løyse ut våte laussnøskred/sørpeskred i bratte heng lengst nede.
Avalanche Activity
• 16. May. During the day • Slush avalanche • Few (2-5). 1 - Small. Easy to trigger • N, NE, E, SE, S, SW, W, NW. Below 500 masl • I bratte heng unde va. 500 moh gjekk det små sørpeskred når eg rann i bratte heng. Størrelsen var avhengig av terrenget, men det var berre dei 5 øverste centimeterane med veldig våt snø som sklei sakte nedover. Enkelt skredproblem å håndtere. Høgare oppe, i den fuktige snøen trilla det nokre snøballar når ein rann. Desse bygde på seg i den kranen snøen.
Weather
• Rain • 5 °C • 10 m/s from S ↑ • 98% clouds • I dag er det overskya. Først var det Glimt av sol, no er det lett yr, også på toppen. Det blåste ein del på toppen, men snøen var så fuktig at det ikkje var noko vindtransport av snø. Tåke på toppen.
Snow Cover
• No snowdrift • Snow line at 80 masl • Wet loose snow • Wet • Snøen varierer med høgda. Nederst, opp til 400-500 moh er det veldig våt snø. Vidare oppover har det komme snø på det gamle smelteomdanna grovkorna snødekket. Det er 10-15 cm med meir finkorna fuktig snø som har komt. Den blir tørrare mot høgda, men er fuktig også på toppen. På toppen har det nok blitt avblåst før det blei varmare igjen, så der er det gamle snødekket i overflata. Også dette er fuktig. Eg gravde på ca 800 moh, og det var grovkorna fuktig snø i heile snødekket, men med nokon hardheitskontrastar. Snødybde varierer. Er frå ca 1m til over 3 m i denne fjellsida. På ryggar, bratte heng og utstikkande terrengformasjonar har snøen smelta vekk.
Avalanche Problems
• Loose wet avalanche • Loose snow • Easy to trigger • 1 - Small • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW below 500 masl • Under ca. 500 moh er det mogleg å løyse ut våte laussnøskred i bratte heng i den våte snøen. Overskya vær med yr og lite sol gjer at slike skred kan gå i alle eksposisjonar. I den fuktige snøen høgare rauser det meir ut krampe snøballar.
Avalanche Danger Assessment
• På denne turen er skredproblemet knytta til våte laussnøskred. I bratte heng under ca. 500 moh kan ein løyse ut våte laussnøskred/sørpeskred. Størrelsen vil vere avhengig av terrenget, men generelt vil dei vere små. Høgare oppe er det gode bindingar både i den nyaste snøen som har komme dej siste dagen, og mellom denne og det gamle snødekket. Utelukker ikkje at fokksnø kan vere eit skredproblem høgare, men det er mildt så det er gunstige temperaturar for stabilisering av desse, så trur ikkje det er eit stort problem i Tromsø-regionen. • Det er meldt meir eller mindre uendra vær, men noko varmare, og eg venter difor uendra skredfare med same skredproblem.