Avalanche Observation
• 17. Mar 16:00 (+01:00) • Dry slab avalanche • Unknown • Unknown • W-facing • Avalanche release at 521 masl and ended at 413 masl • Eg har vorte fortalt at det gjekk eit skred i området rundt Kvanto i Omvikdalen. På det biletet eg kunne sjå, publisert på ei av lokalavisene (www.kvinnheringen.no), så tyder det at det er eit tørt flakskred. Moglegvis eit resultat av at fokksnølaget, som har danna seg som følgje av dei siste dagars vind, har kollapsa og gått i brudd. Eg har inga stadfesting på dette då eg kun har beskjed om eit skred og sitt eit bilete. Det var eit turfølgje som var i nærleiken, visstnok få meter frå det, då det hendte. Eg er ikkje kjent med kor stort det var, men frå det eg har høyrt var det omlag 70 meter langt og 20 meter breitt.