Danger Sign
• Recent snowdrift • Liten kuling frå søraust fører til transport av snø inn i nordvestlige leheng.
Weather
• No precipitation • 5.5 °C • 13 m/s from SE ↖ • 10% clouds • 5,5 grader på 92 moh.
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Poor bonding between layers in wind deposited snow • Within half a meter • 2 - Medium • Some steep slopes N, W, NW above 1000 masl • Forut for vindauken i går var det ein lengre periode med kaldt og klart vêr. I denne perioden vart det danna overflaterim i alle eksposisjonar. Disse krystallane er øydelagt der vinden no har herja, men det er mogleg det kan ligge att lag av dette der vinden i går og i dag ikkje har teke. Om det er tilfellet kan det no ha danna seg fokksnøflak over dette laget. Det har uansett danna seg fokksnøflak i nordvestlege lesider, men om skredproblemet er dårlige bindingar i fokksnøen, nedføyka laus snø eller overflaterim, kan eg ikkje sei, men at det er dannelser av flak som har potensiale i seg er nok sikkert.
Det er også verdt å merke seg at det er avgrensa mengde med snø, og i områda rundt Rosendal må ein over ca 1000 moh for å finne nok snø til at dette er eit problem. Litt lågare i dalane innover mot Folgefonna. Det er også verdt å merke seg at eg ikkje har vore ute i terrenget på nokre dagar, og har difor ikkje fått analysert snødekket i tilstrekkeleg grad til at eg kan sei korleis lagdeling i snøen er.
Avalanche Danger Assessment
• Snøskredfaren er fyrst og fremst knytta til nedføyka svakt lag av snø eller svake bindingar i fokksnøen. Vinden har auka frå i går til i dag, og det er å anta at det kan vere ulike sjikt i fokksnøen. Det er også mogleg at deler av overflaterimet som danna seg førre veke framleis er å finne att i enkelte leformasjonar og at det no har danna seg fokksnøflak over dette laget. • Fokksnølaga vil fortsette å bygge seg opp utover dagen, men det vil frå natt til måndag roe seg med vind. Då eg ikkje har fått analysert snødekket kan eg ikkje sei noko eksakt om dets eigenskaper, men problemet vil i alle høve vedvare så lenge det er vind, samt nokre dagar til. Det er meldt litt høgare temperatur frå tysdag av, noko som kan gi ein gunstigere temp.gradient og effekt på snødekket. • 2 Moderate • Forecast correct • Eg har ikkje vore ute i terrenget dei siste dagane, men basert på mine observasjoner og kjennskap til snødekket før auke i vind i går og i dag, så stemmer vurderinga på varsom bra.