Danger Sign
• Much water in the snow • Generelt mykje vatn i snøen. Øvste 5-6 cm av snødekket er veldig vått medan det resterande er vått. Det ser ut til at snødekket klare å filtrere vatn ned gjennom dekket på ein ok måte. Ingen store opphopninger av vatn på dette høgde intervallet, men det er mogleg at det er tilfellet der skarelaget som ligg over det gamle gjennomfukta dekket nedst er tjukkere og hardare enn der eg var i dag.
Avalanche Activity
• 29. Mar. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Eg hadde ikkje god nok sikt til å kunne sei noko om skredaktivitet i dag.
Weather
• Rain • 3 °C • 4 m/s from NW ↘ • 100% clouds • Generelt dårleg sikt over 600 moh. Regn og lett bris/bris frå NV.
Snow Cover
• 60 cm • No snowdrift • 0 cm • Snow line at 600 masl. Layered snow begins at 700 masl • Wet loose snow • Very wet • Total snødjupe varierer stort avhengig av himmelretning og om du er i formasjoner kor det har akkumulert seg snø gjennom vinteren. Frå 2 meter til 20 cm. Generelt er snødekke gjennomfukta og dødt frå 700 moh og ned. Det er fuktig over dette høgde intervallet også, men det er framleis varierande hardhet nedover i dekket og framleis tendensar til skarelag å finne - avhengig av kor tjukt snødekket er. I leformasjoner der snø har akkumulert seg gjennom vinteren tek det lenger tid før regnet får gjenomfukta heile dekket.
Tests
• CTH21@30cm(Q2) • Medium • Går i brudd mellom to gamle skarelag. Store smelteformer (F1) på i ca 5 cm tjukt lag mellom gamle skarelag. Det overliggende skarelaget er i ferd med å verte gjennomfukta og øydelagt av mildværet, men har framleis ein viss bærende effekt.
Snow Profile
• 1 test connected to snow profile • 5 Stratigraphy layers • 8 temperature points observed
Avalanche Problems
• Wet slab avalanche • Water pooling in/above snow layers • Within half a meter • A big and identifiable crystal in the weak layer. • Spontaneous release • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW between 1200 masl and 700 masl • Det er litt vanskeleg å sei noko om utbreiinga av dette problemet. Der eg var i dag er nesten heile snødekket gjennomfukta og det nemnte skredproblemet er å finne i formasjoner der snødekket er tjukkere enn det som gjeld generelt for området, men det finnes potensielt i alle himmelretninger der det har akkumulert seg meir enn 30-40 cm snø over det gamle gjennomfukta snødekket som ligg i botn. Avhengig av formasjonene kan det gå skred på str. 1-3.
Avalanche Danger Assessment
• Mildvêr opptil 11-1200 moh i dag, fredag. Fare for våte laussnøskred og våte flakskred under dette høgde intervallet. Over 1200 moh vil potensielt nedbøren ha falle som nysnø. Eg var ikkje over denne høgda i dag, så eg kan berre spekulere i dette og om det er nedføyka svakt lag med nysnø å finne der. • Lågare temperaturar vil virke stabiliserande på snødekket, men i dei formasjonane der mildvêret ikkje har klart å nå heilt ned vil det framleis vere fare for våte flakskred. Det er stor variasjon i snømengde/djupne både lokalt, men også regionalt, så litt vanskeleg å sei eksakt. • 2 Moderate • Forecast correct • Eg håpar å få meg ein tur til indre del av regionen i løpet av helga - Røldalsfjellet 1300 moh. Håpar å kunne sei meir om det som skjer i indre del, samt høgare i terrenget då.
Notes
• Eg satsar på å få tid til å gå ein obstur i området rundt Røldalsfjellet i løpet av helga.