Weather
• Rain • 5 °C • 4 m/s from SE ↖ • 95% clouds • Det har vore ein del nedbør i natt, samt i dag, måndag. Ser nysnøgrensa/0-grader ligg på om lag 700 moh. Det har vore litt vind jamt gjennom dagen. Mellom 7-11 m/s i høgda (ca). Litt roligare i dalane. Basert på det er det rimeleg å tru at det har gått føre seg litt vindtransport i høgda. Registrerte at i Røldal skisenter var det kome 20 cm nysnø i dag tidleg. Litt mindre her i ytre strøk rundt Rosendal, men det har snø og det snør framleis i høgda.
Snow Cover
• Heavy snow drift • 25 cm • Elevation of new snow 600 masl. Snow line at 600 masl • Much loose snow (10-30cm) • Dry • Registrerte at Røldal skisenter meldte om 20 cm nysnø i dag tidleg, måndag. Det har nok kome litt mindre enn det i ytre del av regionen. Det har fortsett å snø utover dagen. Sikten er litt redusert så det er vanskeleg å sei noko eksakt om snøfokk, men det har blåse jamt i heile dag. Registrerer at vindmåler på 700 moh har målt 8-11 m/s frå i natt og til i no. Lett til moderat snøfokk er rimeleg å anta at det har vore i heile dag. Det skal uansett auka på med vind. Same vindretning som hersker vidare. Observerer kraftig i kveld.
Snødekket generelt varierer mykje ifht kor du er i regionen. Grensa for samanhengande skiføre ligg lågare ned i indre del, rundt Røldal, enn i ytre del, rundt Rosendal. Snødjupna varierer også mykje. For ytre del er det ein del forskjell i dei vestvendte sidene (og delvis tilgrensande sider) mot fjorden enn dei nordvendte (og tilgrensande). Det ligg meir snø jo lenger inn i dalane mot Folgefonna ein kjem. Men generelt har mildvêrssyklusane herja godt med snødekket sidan sesongstart.
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • 3 - Large • Some steep slopes N, NE, NW above 700 masl
Avalanche Danger Assessment
• Det har kome ein del nysnø i natt; ca 20 cm og det har vekselvis fortsett å snø utover dagen. Det har vore noko vind i høgda frå S-SØ så nedføyka nysnø i motsette sektorar er å anta som skredproblem. • Vinden tek seg opp frå natt til tysdag og skal holde seg relativt stabil fram til iallfall utpå onsdag kveld, mogleg lengre. Det er også meldt meir nedbør frå i natt av. Kombinasjonen vil føre til pålagring i NV-N-NØ sektor. Vinden skal dreie meir frå vest frå onsdag av og skal halde seg slik ut veka. • 2 Moderate • Forecast correct • FG 2 er nok rimeleg for regionen sett under eitt. Om vêret som er meldt slår til er det rimeleg med FG 3 frå tysdag av.
Notes
• Observasjoner er ein kombinasjon av det eg har sett med eigne auger, det eg har sett på webkamera og det eg har lest frå ulike kjelder.