Danger Sign
• Recent snowdrift • Kraftig snøfokk observert der snøen er tilgjengeleg for transport.
Weather
• Drizzle • 8.8 °C • 6 m/s from SE ↖ • 100% clouds • Varierande vêr den siste veka. Gårsdagen baud på både regn og sol. Relativt mildt. Mildvêrsgrensa ligg på om lag 800-900 moh. Denne låg høgare tidlegare i veka. Registrerer at det har falle litt snø i høgda over denne høgda siste 24 timar. Usikker på mengde. Varierande vindstyrke også, men vindmåler på 700 moh registrerer at det har vore opp til 10 m/s siste døger, så noko vindtransport der nedbøren har falle som snø har det vore. Ca 0 grader på 800-900 moh. Smelteomvandla snødekke med litt nysnø/fokksnø over er nok ikkje langt frå sanninga.
Snow Cover
• Heavy snow drift • Stor variasjon i regionen mtp snødekke; snødjupne, grense for lagdelt snø osb. Det var mildvêr høgt til fjells tidlegare i veka, men dei siste 24-48 timane har denne grensa senka seg lågare. I dag ligger det nysnø på om lag 8-900 moh. Det har også vore noko vind og påfallande vindtransport i høgda, men usikker på kor mykje. Generelt er nok snødekket ein god kombinasjon smelteomvandla snø, fokksnø der vinden har fått jobba og nysnø.
Observerer kraftig snøfokk i høgda; der snøen ligg tilgjengeleg for transport.
Notes
• Kjem meg mest truleg ikkje ut i felt denne helga.