Weather
• Rain • Sundag: Registrerer at det har vore mildt høgt til fjells i dag - i kombinasjon med nedbør som regn. Ser på værdata frå Røldal at det har vore rundt 4,8+, på det meste/ i natt, på rundt 1000 moh. Temp fall litt mot morgonen, før den steig utover dagen.
I ytre del så har det regna meir utpå ettermiddag/kveld. Litt fallande temp mot kvelden, men framleis sirka 2+ på rundt 1000 moh.
Måndag: Framleis mildt. Rundt 2-3 grader på 1000 moh. Har vore nede i rundt 0 ila siste 12 timar. Regnar godt i ytre del i skrivande stund.
Avalanche Danger Assessment
• Ser ut til at vi skal få eit lite gjensyn med snø i høgda frå tysdag av. Truleg frå 800-900 moh og opp, så vil det falle litt nedbør som snø dei neste dagane. Det er meldt litt vind frå tysdag av, men gunstig temp og gunstig overflate vil truleg ikkje gi spesielle utfordringar med fokksnø.