Danger Sign
• No signs observed • Område: For kommunen. Skildring: Det som er av skredmasser er smelta vekk.
Avalanche Activity
• 18. Dec. During the day (+01:00) • No avalanche activity
Snow Cover
• No snowdrift • 0 cm • Elevation of new snow 1300 masl • Other • Very wet • Bad • Det er nesten ikkje snø att i ytre del. Der føregåande rundar med vind la opp snø i leformasjonar så ligger det att snø etter helgas intense mildvær, men det er ikkje rare greiene. Det er ein restart på vinteren for ytre del av regionen sin del.
Tests
• • Ikkje noko poeng i å ta test. Om eg hadde gravd ei testgrop, så ville eg lokalt kanskhe ha fått eit slags utslag i toppen ifm våte laussnøskred. Knapt nok...
Snow Profile
• Ikkje noko poeng i å grave profil lokalt, i alle fall ikkje før ein er over 1100-1200+ moh.
Avalanche Problems
• Loose wet avalanche • Loose snow • Very easy to trigger • 1 - Small • Few steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW above 1000 masl • Lokale forskjellar. I ytre del, så er dette ikkje aktuelt i alle himmelretningar. Eg kunne sikkert sett grensa på 1200 moh, men mtp at eg ikkje har heilt oversikt så set eg den på 1000 moh - basert på info og visuell stadfesting i dag.
Avalanche Danger Assessment
• Det er lite snø att etter mildværet, spesielt i ytre del. Snøskredfaren er difor relativt liten, men ver litt obs i bratte formasjonar, der det ligg att snø. Snøen er tung og seig, og sjølv små skred kan ha nok kraft i seg til å trekke deg med. Ver difor litt obs i- og i nærleiken av terrengfeller. • Temperaturen skal igjen falle, og det skal kome betydeleg mengde snø frå tysdag av. Også i kombinasjon med vind. Den fyrste runden med snø og vind, frå i kveld av, vil binde seg relativt fort til eksisterande snødekke, men ein kan vere obs på at enda lågare temp/mildværsgrense frå i morgon, tysdag av, kan gi litt mindre gunstige forhold ifm av ustabile fokksnøflak. Merk at det er lite snø, og skredfaren vil difor ikkje nødvendigvis vere så stor/ha så stor utbreiing. Mest aktuelt i indre del, i grensetraktene mot Røldal og Haukeli, men også her har mildværet jobba hardt med snødekket. • 1 Low • Forecast too high • Det er meir snø i indre del av regionen, men også der er det relativt lite snø. Skredproblema har per i dag liten utbreiing. Det er mogleg litt forsinkelsar som kan resultere i nokre våte skred, men eg vil tru at det som har hatt potensiale til å gå ut - har gått ut i helga. Det er ikkje utenkeleg at det i enkelte kjente og veldefinerte skredlaup kan ligge att "proppar" som har demt opp overliggande massar - og om disse kollapsar så vil ein fort få større skred, men også her vil eg anta at mesteparten har gått ut. Temperaturen skal ned ila dei neste 24 t - noko som vil gi stabilisering av evt massar.
I skrivande stund så går mildværsgrensa høgt til fjells, og evt. utrbreiing av fokksnøproblematikk vil vere særs liten i dag. Mogleg litt aukande i morgon, tysdag, men temp og underliggande snø gir relativt gunstige forhold for stabilisering. Veldig mange plasser vil evt nysnø og vindtransportert snø legge seg på fuktig bakke.