Weather
• Sleet • 2.5 °C • 7 m/s from N ↓ • 95% clouds • Det har tidvis snøa/hagla til fjorden i dag tidleg/føremiddag. Ein del vind i morgontimane. Mildare vêr no, men rundt -1,7 på 600 moh. I skrivande stund er det rundt 12-13 m/s frå nordvest.
Snow Cover
• Elevation of new snow 200 masl • Registrere at det har falle 50 cm nysnø på Seljestad sidan i går. Uvisst om det er ubunden snø eller inkl. vindtransportert snø.
Det ligg alt litt skredmasser i skredbanane ned frå Folgefonna. Usikker om det har gått skred der siste 24 timar, men på onsdag låg det litt eldre massar. Brorparten av akkumuleringa av snø er nok høgt oppe, så evt skred vil truleg losne høgt oppe.
Avalanche Danger Assessment
• Med tanke på dei mengdene nysnø som kom i går, og dei mengdene som vart transportert, så vil eg anta at det har lagt seg opp mykje (!) snø på austsida av Folgefonna. Det er meldt vind i dag, torsdag, og det er meldt vind og mykje (!) nedbør i morgon, fredag. I tillegg skal temp. stige. Med det i mente, så vil det ikkje overraske meg om det går svært store skred frå austsida av Folgefonna - og ned mot Sørfjorden. Tok nokre bilete i går, onsdag, men manglande sikt gjorde til at det ikkje var mogleg å sjå kor mykje som hadde akkumulert seg i høgda på det tidspunktet. Prøver å finne ut av det i dag, men eg får ikkje moglegheit til å køyre inn og sjå sjølv. Prøver difor å hente ut informasjon frå eksterne kjelder.
Om vêrprognosane slår til med sirka 70mm nedbør, liten kuling-storm - og mildvær høgt til fjells, så ligger vi nok fort på FG4 fredag. Det er også mogleg at det kan gå str.2 og str. 3 skred andre plasser i regionen, men dei største skreda vil nok vere mest aktuelle rundt Folgefonna.
Notes
• Prøver å få tak i nokre bilete frå Odda og opp mot austsida av fonna.