Weather
• Rain • from S ↑ • Friskt i kveld. Litt fallande temp: +2 grader på 700 moh. 33 m/s i kasta siste time.
Avalanche Danger Assessment
• Registrer på ulike værstasjonar at vinden har teke seg opp i ytre del. Per no maks vindkast: 21 m/s frå sør-søraust. Stigande temp. Per no, kl. 17.44, er det 4 grader på 600 moh, så ein vil måtte høgt til fjells for å få vindtransport. Det skal tilsynelatande fortsetje slik dei neste 24-48 timane. Tiltakande nedbør frå i morgon torsdag - og gjennom fredag. Avhengig av korleis vinden jobbar i resten av regionen, så kan det verte aktuelt med FG3, spesielt fredag. Då skal også mildværsgrensa senke seg; seint torsdag - natt til fredag. Men! Vinden skal også løye utover fredag morgon i ytre del, men den skal ta seg opp i indre del (frå vest) ila fredagen. Det ligg an til ein del regionale forskjellar - avhengig av korleis været slår til. Vil nok ligge på FG2 og kanskje FG3 i dei ulike delane.
Det skal også blåse ein del på Folgefonna. Kan risikere ein del transport fredag ettermiddag - pålagring i austvendte formasjonar. Sjå bilete frå Odda i ein av obsane frå i dag.
Prognosar per onsdag, kl. 18.00